– Regnar det så skrur vi berre opp musikken

I år er torggata-bakken ein del av festivalområde. – Vi treng plassen og det blir nok eit supert mingleområde, forklarar festivalsjef Fredrik Helland.

I år er torggata-bakken ein del av festivalområde. – Vi treng plassen og det blir nok eit supert mingleområde, forklarar festivalsjef Fredrik Helland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Festivalsjef Fredrik Helland har skremmande god kontroll på dei siste førebuingane til Våt Moro.

DEL

Du har heilt sikkert sett dei sjokkrosa plakatane som pryda bybildet med glade fjes og vassprut som omtrent kjem ut av bilda. Eit sikkert teikn på årets våtaste festival nærmar seg. Torsdag er det nemleg duka for vassportfestivalen Våt Moro for fjerde år på rad.

– Ekstrem natur! Grenselaus moro! No er vi stort sett klare, seier festivalsjef Fredrik Helland medan han delar ut kaffi til dei frivillige som i dag sett opp festivaltelt på torget.

– Om eg er stressa? Ja, det er klart. Men det er mest på grunn av vêret. Elles er det skremmande kor god kontroll vi har, seier han.

Seld mykje billettar

Og billettsalet er allereie over all forventning. 100 av dei 200 tilgjengelege festivalpassa er seld, og fleire av aktivitetane nærmar seg fullbooka.

– Tidlegare år har florøværingane vore litt treige på avtrekkaren. Men i år trur eg mange har lært. Det er ingen som sjansar på å ikkje komme inn i teltet, forklarar Helland som i år utvidar festivalområde frå torget til og opp bakken i torggata.  

– Festivalområdet blir større, vi får plass til fleire og i år kan vi melde at Tacovogna til Torbjørn Vereide kjem for å servere mat heile helga!

Stand-up og tropenatt

Sjølv om vassport er det som står i hovudsetet for festivalen, er kveldsmoroa minst like viktig. For om ikkje standup-padling er noko for deg, er det fult program i festivalteltet kvar kveld frå torsdag – laurdag.

(Artikkelen held fram under videoen)

– På torsdag får vi besøk av australiaren Andy Taffs som skal halde standup om ein utlending sitt møte med Norge. Med litt innsikt og sjølvironi blir det ein heilt hysterisk moro kveld, seier Helland.

Fredag trappar ein opp showet, først med den tradisjonelle quizen, før bandet Awesomesauce går på scena, som lovar å gi dei frammøtte ei dansenatt dei seint vil gløyme.

– Laurdag blir det sandvolleyball-turnering framfor Amfi, og regnar det så skrur vi berre opp musikken. På kvelden skal vi avslutte festivalen med eit brak av ein tropenatt-fest.

– Vi har det meste under kontroll no, men det er klart ein er litt stressa, seier Fredrik Helland. Her set frivillige opp festivalteltet som skal romme 700 menneske frå torsdag-laurdag.

– Vi har det meste under kontroll no, men det er klart ein er litt stressa, seier Fredrik Helland. Her set frivillige opp festivalteltet som skal romme 700 menneske frå torsdag-laurdag. Foto:

Artikkeltags