Fleire barn og unge fekk utslett etter Våt Moro – festivalleiinga tar grep

Frank Robert Klakegg

Frank Robert Klakegg Foto:

FLORØ: I helga vart årets Våt Moro-festival arrangert i Florø, med stor suksess. I etterkant melder fleire foreldre om at ungane deira har fått utslett og hevingar i huda.

DEL

Det skriv Våt Moro sjølv på Facebook.

– I etterkant av festivalen har vi blitt kontakta av nokre foreldre om at barna har fått utslett etter å ha brukt våtdrakter og boblebadet på kaia. Dette synst vi er svært kjedeleg, står det å lese på festivalen si facebookside.

Arrangørane tok straks grep;

– Vi sender no alle våre våtdrakter til desinfisering. Vi vil fjerne boblebadet frå kaia vår til neste år, slik at vi i framtida unngår slike hendingar, skriv dei.

Festivalsjef Frank Robert Klakegg seier til Firdaposten at dei har fått meldingar om rundt ti barn og unge som har fått utslett etter å ha brukt våtdrakt og boblebad under festivalen.

– Dette er festivaldeltakarar som har gått i våtdrakt i sola heile dagen, og har delteke på ulike vassaktivitetar. Dette har medverka til at dei har fått utslett. Alle våtdraktene vert no desinfisert hos BB-gruppa. I tillegg kuttar vi ut å ha boblebad i framtida, då stilleståande vatn kombinert med mykje folk kan skape bakteriar og smitte, seier Klakegg.

VÅT MORO: Frå årets festival. Personane på bildet har ikkje noko med saka om utslett å gjere.

VÅT MORO: Frå årets festival. Personane på bildet har ikkje noko med saka om utslett å gjere. Foto:

Artikkeltags