Gå til sidens hovedinnhold

Vassbotten om regjeringas oppdrettsmål: – Fem millionar tonn er altfor optimistisk

Regjeringa sin visjon om at sjømatnasjonen Norge skal produsere fem millionar tonn oppdrettslaks årleg innan 30 år, er litt ønsketenking, meiner bransjen sjølv.

Det er opplese og vedteke at vi i større grad skal leve av det havet kan gi oss i framtida. Men no meiner norsk oppdrettsnæring at regjeringa sitt mål om fem millionar tonn oppdrettslaks årleg innan 2050, er overdrive positiv tenking. PwC sitt ferske sjømatbarometer viser at sju av ti oppdrettsaktørar meiner anslaget er godt i overkant av det realistiske – i alle fall innanfor dagens rammevilkår.

– Eit slikt mål er mogleg. Men då må det bli lettare å drive med oppdrettslaks i Norge, seier sjømatrådgjevar i PwC Norge, Marte Vassbotten i ei pressemelding.

Satsar i utlandet i staden

Det nyleg framlagte sjømatbarometeret viser ein trend som i alle fall ikkje byggjer opp under regjeringa sitt mål – snarare tvert om.

Mange stadar blir det no satsa på oppdrettsanlegg på land – men satsingane kjem ofte i utlandet.

Denne trenden merkar sjølvsagt den norske bransjen seg, og det er truleg medverkande til at trua på regjeringas produksjonsmål er synkande, frå 22 prosent i 2017 til 29 prosent i 2020.

PwC peikar i sin analyse på at om vekstmåla skal nåast, må ei rekkje faktorar endre seg. Det må vere grøne lys i trafikklys-systemet for oppdrettsnæringa i samtlege område. I tillegg må rundt halvparten av dagens oppdrettlaks produserast til slaktestørrelse på land, og mykje produksjon må skje gjennom utsetjing av såkalla postsmolt til sjø; det vil seie fisk på rundt ein kilos vekt.

Enorm landproduksjon på gang

Per januar 2021 skal det ifølgje Sjømatbarometeret vere minst 55 pågåande globale prosjekt med landbasert oppdrett. I 13 av desse er norske selskap involvert på eigarsida. Når alle 55 prosjekt er sett i drift, kan dei produsere rundt ein million tonn fisk.

Til samanlikning produserte Norge 1,4 millionar tonn laks og aure i 2019.

– Det er både vanskeleg og dyrt å få sjøkonsesjon i Norge. Vil ein vekse i volum, må ein finne andre vegar. Imidlertid kostar det ingenting å få konsesjon på land, og andre stadar i verda er sjøkonsesjon gratis. Mange søkjer dermed lukka i utlandet i staden, seier Vassbotten.

Kommentarer til denne saken