Melder seier at ein katt som kom på trappa hans hoppa på og angreip han. Vidare meinte mannen at dette truleg var ein villkatt som er ute etter hans eigen katt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Sogn Avis.

Politiet fekk melding om episoden klokka 2224 torsdag kveld. Villkatten, som innringjaren i Vik meinte var på friartokt, hadde ikkje vore nådig.

Mannen sa han var full av kloremerkjer. Han vart beden om å kontakta viltnemnda eller kommunen.

– De sende ikkje nokon patrulje, altså?

– Nei, me var ikkje med på den.