Gå til sidens hovedinnhold

Varslingane frå Sivilforsvaret blir tilpassa høyrslehemma

Når varslingssirenene til Sivilforsvaret blir testa førstkomande onsdag, vil varslinga òg bli lagd til rette for høyrslehemja i landet.

Onsdag blir varslingsanlegga her til lands testa med sirener. Då vil flyalarmen òg vere tilgjengeleg som varsling på mobiltelefon, til stor hjelp for høyrslehemma.

Via appen Flexilarm vil varslinga gi høyrslehemma følbar (vibrering) og visuell varsling.

– Varsling via mobiltelefon er eit nyttig supplement, fordi det kan brukast til langt fleire typar hendingar som også høyrslehemma treng å få på lik linje med høyrande, seier Robert Skarsbakk, dagleg leiar i Flexilarm i ei pressemelding.

– Informasjonen som blir avlevert, kan òg vere meir detaljert, og ein kan avgrense varslingsområdet, seier Skarsbakk.

Tal frå Helsedirektoratet viser derimot at 14,5 prosent av folket i landet er betydeleg høyrslehemma, noko som inneber at nærare 700.000 nordmenn kan gå glipp av samfunnsviktig varsling, som flyalarmen er.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken