Gå til sidens hovedinnhold

Vårslepp av 600 born i Florø denne helga

08. mars 2020, kl. 18:45

Florø Fotball sine 100 frivillige hadde kontroll på 600 barn i alderen seks til 13 år i Florø Idrettssenter fredag og laurdag. – Det er ikkje å legge skjul på at denne turneringa er ei viktig inntektskjelde for oss. Den er arrangert 100 prosent på dugnad. Dommarar, vakter, dei som har stått i kafeen og styrt med parkeringslogistikken har gjort ein formidabel innsats, seier dagleg leiar i klubben, Kim Solheim. Dette er vårsleppet for dei yngste. Fredagen var det turneringsspel for 13 års klassen, og laurdagen opna dagen med dei yngste klokka 09.00 og derifrå og fram til 20.45 på kvelden var det kampar kontinuerleg.