I Gate 1 i Måløy ligg Fjordenes Tidende, ei lokalavis som til liks med dei andre avisene i Nordfjord er i Polaris-konsernet. Det er Firdaposten sin konkurrent i Kinn kommune, men også ein mangeårig samarbeidspartnar. I fleire tiår har dei to avisene gitt ut magasinet om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane, «Eit hav av moglegheiter», saman.

Medan vi var i Måløy ville vi innom for å helse på den trivelege gjengen i redaksjonen og sjølvsagt den nye redaktøren Håvar Fagerli.

46-åringen er opphavleg frå Gloppen og bur på øya Barmen i Stad. Han har si utdanning og yrkeserfaring frå skuleverket. Men han er ein kommunikator. Og avisa er heller ikkje ny for han. Han har fartstid å vise til i Fjordenes Tidende tilbake i 2008. Han vart no tilsett som ny redaktør i avisa etter Svanhild Breidalen, som den siste tida har vore konstituert redaktør for Erling Wåge. Sistnemnde har vore Mr. Fjordenes i ei årrekke, men etter 34 år i avisa gjekk han av med pensjon. Sidan 2017 har Svanhild Breidalen hatt delt redaktørstilling. Wåge hadde sagt at han ville jobbe i Fjordenes Tidene fram til ein ny einleiar i avisa var på plass. 1. februar vart Fagerli tilsett og Wåge kunne takke for seg.

Eksamen og perfekt sorti

Fagerli og Wåge hadde mykje med kvarandre å gjere i dei to åra før han overtok redaktørkontoret. For Fagerli var varslar i saka som skulle avdekke arbeidsmiljøet ved Måløy vidaregåande skule. Han kunne ikkje leve med at kollegaene han jobba med kjende seg utsette for mobbing, trakassering og ein fryktkultur frå leiinga. Han varsla difor Vestland fylkeskommune om situasjonen. Men oppfølginga fylkeskommunen hadde på varslingssakene sine, var i beste fall mangelfulle. Saka har klare parallellar til den vi kjenner frå det norske forsvaret i dag.

I Måløy-saka skulle Fjordenes Tidende sitt arbeid vise seg å vere heilt avgjerande. Avisa gjorde ein framifrå jobb, og varslingssaka var sterkt medverkande til at avisa under LLA-årsmøtet i Ålesund i år vart kåra til årets lokalavis i 2021.

Det skulle også bli ein minneverdig sorti for mangeårig redaktør Erling Wåge, som var sentral i saka. Han hadde skrive 100 artiklar om saka før han takka for seg, og no i februar var det varslaren som vart tilsett som ny redaktør.

– Blir meg sjølv

– Blir du den nye Erling Wåge?

– Nei, det blir eg ikkje. Eg må finne min eigen stil, seier Fagerli og smiler.

Han bur på fjellgarden på Barmen. Øya ligg mellom Selje i nord og Flatraket inst i Sildegapet og sorterer under Stad kommune. Ein kommune Fjordenes dekkjer, i lag med Kinn og Bremanger. Han gift og far til to jenter på 18 og 20 år. Den yngste bur framleis heime.

At han er ein habil fotograf og glad i sau, avslører eit fotografi av ein gammalnorsk spælsau som heng på veggen på kontoret. Sauen har stira ned på han på dei tre-fire siste jobbane han har hatt.

– Ja eg er glad i sau, og gamalnorsk spælsau spesielt, seier han.

38 slike utegangarar ventar på han i det han kjem heim til øya med ferja.

I 2011 starta han opp nettstaden sauen.no. Her skriv han om det å vere sauebonde og det å halde kulturlandskapet i hevd. Her fekk han kanskje inspirasjon og sjølvtillit til å fronte noko mykje breiare.

«Gjennom sauene får eg uttrykkje meg om mangt og mykje. Sauene på Fjellet er til liks med oss menneske ulike. Dette skapar historier. Sauene på sauen.no har alle sin særeigne saulegdom», skriv Fagerli og strekar under på at det å vere sauebonde er eit lagarbeid. Dette er også noko han trekk fram som ei styrke ved avisa han no skal styre.

Skryt av dei tilsette

Han er enno fersk som eineleiar i avisa, der han i tillegg til å leie redaksjonen også skal vere dagleg leiar. Han skryt av dei tilsette og det inkluderande miljøet, som ein viktig grunn til at han takka ja til redaktørjobben. Til liks med sauane på Barmen var også redaksjonen han kom til sjølvgåande.

Det han opplevde då han stod i prosessen med varslingssaka på den førre arbeidsplassen var tøft. Det har sett sine spor.

– Det har prega meg, det har det, seier han og ser alvorleg på oss.

Han har vore open om dette frå dag ein, og innimellom når han har kjent på tøffe dagar, har han merka den «usynlege» støtta og forståinga frå kollegaene om han, kanskje ein dag eller to innimellom, er litt meir alvorleg enn elles.

Denne støtta merka han også då alt stod på som verst. Han såg kor viktig rolle ei lokalavis kan spele i eit lokalsamfunn. At han vart trudd, og at det var nokon der som stod på for å få fram sanninga då det storma som verst. Det er den same gjengen han no skal styre, eller lene seg på, alt ettersom.

At han no sit som redaktør er likevel tilfeldig i høve til varslingssaka. Og for å vere ryddig er det kollega Svanhild Breidalen som skal ha ansvaret for alle sakene som omhandlar varslingssaka framover.

– Modig

Skal vi tru gamleredaktøren Erling Wåge, så viste Fagerli styrke då han ikkje fann seg i arbeidsmiljøet på Måløy vidaregåande skule.

– Håvar var modig, han risikerte trass alt jobben sin ved å gå ut som han gjorde. Men når det er sagt, så trur eg han ville blitt ein god redaktør uansett. Han er omgjengeleg og kunnskapsrik, er attesten frå Wåge.

Han er samd med Fagerli i at han må finne si eiga rolle som skipper for avisa.

Godt lag

Fagerli er den ferskaste i Fjordenes-redaksjonen. Han merker det er godt å ha redaksjonen å lene seg på i det redaksjonelle, for det er ein gjeng dyktige journalistar som Fagerli lit på. Og det er viktig skal du styre eit redigert medium som Fjordenes Tidende.

– Vi jobbar no med strategi, og driv og meislar ut kva vi skal fokusere spesielt på og korleis vi skal vere til stades for lesarane framover, seier Fagerli og lyser opp.

For i dag er det ei spennande tid å vere journalist i. Universet av flater der folk får informasjonen sin frå er stadig større, og i dei møtepunkta prøver også lokalavisa å vere til stades.

– Kjem du til å ta tydelege standpunkt for avisa i rolla som redaktør, som til dømes til Kinn kommune?

– Nei det kjem eg ikkje til å gjere. Det viktigaste for oss er å sleppe alle til orde, det er kanskjeden viktigaste rolla vi har i samfunnsdebatten, slår Fagerli fast.

Han ønskjer ikkje at avisa skal stå fram med noko slagside frå sak til sak. Der meiner han det målet er først å la alle synspunkt sleppe til , også i saker der folk i lokalsamfunnet ikkje vågar å uttale seg i frykt for reprimande i kommentarfelta. Men det betyr ikkje at han ikkje skal vere tydeleg, for det skal han i leiarartiklane sine framover.

– Ja, det vil eg, seier han og gliser.