Gå til sidens hovedinnhold

Varslar snø i fjellet: – Kan bli glatt utover kvelden

Artikkelen er over 1 år gammel

FIRDA: Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel på grunn av snøfall i fjellet måndag kveld. Snøen er venta over 800 meter.

– Mest nedbør er venta i vestlege fjelltrakter, skriv dei i farevarselet.

Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om glatte vegar måndag føremiddag, men forventar at det kan bli glatt ut over måndag kveld og natt til tysdag.

– Det er meldt om at temperaturen skal falle frå klokka 12 måndag og utover, og temperaturen kan nærme seg null seint i kveld og natt, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Molvær seier du ikkje bør utsette køyringa om du skal over fjellet.

– Dei som har sommardekk bør komme seg over fjellovergangane i løpet av ettermiddagen, og skal du over seint i kveld eller natt bør ein vurdere vinterdekk, seier Molvær.

Kommentarer til denne saken