Godvêret er over. No kjem regnet

REGN: Måndag kveld eller natt til tysdag kjem regnet. Det vil vare i alle fall ei vekes tid.

REGN: Måndag kveld eller natt til tysdag kjem regnet. Det vil vare i alle fall ei vekes tid. Foto:

Av

Haustferien har begynt fint. Men no er det slutt på godvêret.

DEL

(Firda) – Det ser ikkje så lovande ut. Det blir mykje regn denne veka, seier meteorolog Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt.

Ho seier det vil skye til utover ettermiddagen måndag, og at det seint måndag kveld eller natt til tysdag vil begynne å regne.

– Det vil regne jamt nokre timar når det begynner. Men utover tysdag vil det gå over til regnbyer, og om ettermiddagen er det ikkje sikkert det blir så ille. Heller ikkje onsdag. Då kan det komme gløtt av sol. Men det som kjenneteiknar vêret denne veka er regnbyer, seier Svanevik.

Jamnare temperatur

– På grunn av høgtrykk og godvêr har vi dei siste dagane har stor skilnad på temperaturar natt og dag. Det vil jamne seg ut når det no skyar til. Denne veka vil temperaturane ligge mellom fem og ti grader på dagtid, og ned til tre-fire grader om natta, seier meteorologen.

Ho seier snøgrensa vil ligge på mellom 1000 og 1200 meter på Vestlandet. Vil ein ha snø må ein nok reise lenger aust, mot Hemsedal, Gol og Sognefjellet.

Lite vind i låglandet

– Trøysta får vere at det blir relativt lite vind. Den vinden som er kjem frå aust og søraust, seier Svanevik.

Ho legg til at i fjellet vil det blåse litt kraftigare. Der kan det komme opp i liten kuling.

– Kombinert med regn kjennest ikkje det så godt, seier Svanevik.

Kort samanfatta blir vêret i haustferien vått. Skal du ut på tur kan tysdag ettermiddag og onsdag vere gode tips til tidspunkt. Då vil det bli få byer, og kanskje også gløtt av sol.

Artikkeltags