Klokka 16.37 fekk Vest politidistrikt melding om ei singelulykke på fv. 616 på Bremangerlandet.

Det skriv Firda.

Ein varebil skal ha køyrt utfor vegen ved Dalevatnet og landa på taket.

– Førar er skjelven, men har kome seg ut og hevdar seg uskadd. Ho kraup ut av vindauget. Vi har ein patrulje som er på veg dit no, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt klokka 16.45.

Brannmannskap og helsepersonell rykte også ut.

Litt over klokka 18.00 fortel Algrøy at kvinna har reist heim uskadd, og at bilberging er på veg.

– Føraren opplyste om dårleg sikt, og det er ikkje mistanke om noko påverknad, seier han.