Ytterøyane har ein av dei varmaste vintrane nokonsinne bak seg

Ytterøyane fyr. Foto: Liv Standal

Ytterøyane fyr. Foto: Liv Standal

VÊRET: Det fortel Meteorologisk Institutt.

DEL

For vinteren 2018/2019 var nemlig snittemperaturen for heile landet 2,3 grader over normalen. Dermed blei vinteren mellom dei 20 varmaste vi har opplevd sidan 1900. Den aller varmaste var var vinteren 1991/1992, som var heile 4,3 grader over normalen, medan den kaldaste var 1965/1966 - 4,7 grader under normalen.

Dei største avvika fann ein i høgareliggande strok i Sør-Norge med omkring fire grader over normalen. Men den aller varmaste av målestasjonane var Ytterøyane fyr, der gjennomsnittstemperaturen var på 5,1 grader - 2,2 grader over normalen. Svinøy fyr (på Herøy i Møre og Romsdal) hadde ein snittemperatur på 4,9 °C (1,7 °C over normalen), Slåtterøy fyr (Bømlo i Hordaland) 1,9 grader, Kvitsøy – Nordbø (Rogaland) 2,1 grader, og Fedje (Hordaland) 4,7 °C  - 2,0 °C over normalen.

Dei kaldaste stasjonane var Karasjok – Markannjarga (Finnmark) -15,3 °C (0,6 °C over normalen), Kautokeino (Finnmark) -14,4 °C (0.6 °C over normalen) og Sihccajavri (Kautokeino, Finnmark) -14,0 (1,0 °C over normalen)

Den høgaste maksimumstemperaturen, 18,7 °C, ble registrert 26. februar på Landvik i Grimstad i Aust-Agder. Den lågaste minimumstemperaturen var -41,2 °C, og blei målt på Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) 28. januar.

Nedbøren for heile landet var 120% av normalen denne vinteren.

Artikkeltags