Vêret i helga: Det blir ei kjempehelg

MYKJE SOL: Det blir ei solrik helg, og det er ikkje meldt nedbør fram til neste helg, seier langtidsvarselet for Sunnfjord.

MYKJE SOL: Det blir ei solrik helg, og det er ikkje meldt nedbør fram til neste helg, seier langtidsvarselet for Sunnfjord.

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Det er venta tilnærma sommartemperaturar på laurdag.

DEL

– Det ser veldig så bra ut for heile Sunnfjord denne helga.

Det seier Anne Solveig Andersen, meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet til firda.no

– Det er ein viss usikkerheit rundt temperaturane, men laurdag blir i alle tilfeller best. Og det ser ut som vi kan vente oss at gradestokken stig opp til ein omkring 16 varmegrader.

Torsdag er det omtrent skyfritt og strålande sol, men sjølv om temperaturen stig inn mot helga ser det ut til at det vil skye noko meir til.

Mykje sol i vente

– Frå fredag kveld vil det nok skye litt til, og det varer ut helga. Men skyene er såpass høge at det likevel vil kjennes som finvêr, seier Andersen.

Komande veke ser og vårleg og fin ut for meteorologane.

– Det er større usikkerheit dess lenger fram ein ser, men det ser tørt og fint ut førebels. Vi har ein god del sol i vente, og temperaturane vil nok vere slik som no med omkring ni til tretten varmegrader om dagen, seier Andersen.

Men det kan vere stor forskjell på temperaturen om dagen og om natta.

Frost om nettene

– Det blir lokale forskjellar, så nokre stadar vil nok temperaturen framleis krype ned på null og kanskje under iløpet av nettene.

Våren vil likevel få tatt ei skikkeleg grep i løpet av dei komande dagane.

Kva spår du for vår- og sommarvêret på Vestlandet i år?

– Nei, det tør eg ikkje svare på. No har vi hatt ein lang og kald vinter, men eg veit ikkje om det nødvendigvis har noko å seie for kva sommar vi får. Vi kryssar fingrane og håpar på det beste, seier Andersen.

Artikkeltags