Knallvêr fram til tysdag. Ikkje ein dråpe nedbør så langt langtidsvarslet rekk

RIM: Slik såg graset ut i Slåtten-området i Førde.

RIM: Slik såg graset ut i Slåtten-området i Førde. Foto:

VÊR: – Helga ser veldig bra ut, seier meterologen.

DEL

Dei som likar kaldt, men fint vintervêr kan kose seg framover:

– Det blir stort sett pent vêr i helga, bortsett frå at det kan danne seg lokal tåke eller tåkeskyer. Det blir stort sett pent fram til tysdag, med uendra temperaturar og vind, seier meteorolog Steinar Skade ved Meteorologisk institutt til Firda.

– Temperaturane kjem til å ende godt på minusen på nattetid og så vidt i pluss på dagtid, seier Skare.

Meteorologen seier dei kaldaste stadene i fylket denne fredagsmorgonen var Jostedalen med elleve minus og Fjærland bremuseum med minus sju.

I Førde var det nesten tre minus og ved Flora lufthamn sa gradestokken like under to minusgrader. Med andre ord på tide å sjå om ein finn stillongsen.

– Kan det rett og slett begynne å snø?

– Ikkje i denne perioden fram til tysdag, nei, seier meteorologen.

Prognosane på yr.no melder 0 millimeter nedbør så langt langtidsvarselet rekk (fram til søndag 2. desember). Temperaturane på langtidsvarselet held seg stort sett på minus gjennom heile perioden.

Artikkeltags