Ingen sommar i sikte

Ingen sommar i sikte i Florø dei nærmaste dagane.

Ingen sommar i sikte i Florø dei nærmaste dagane. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I føremiddag opna himmelen slusene over Flora og Bremanger igjen. Kor lenge held det på denne gongen?

DEL

Regnet hamra ned med ein slik intensitet i føremiddag at vi i Firdaposten vart uroa for at taket skulle komme ned over oss igjen. Vi tok ein telefon til Meteorologisk Institutts avdeling for vêrvarsling for Vestlandet, for å sjekke kor lenge vi kunne forvente regn denne gongen. Meteorolog Anne Mette Olsen hadde ikkje mykje trøyst å by på.

– Sol kan det bli allereie seinare i dag, men då er det snakk om sol mellom bygene. Du vil vel vite om det blir ordentleg sommarvêr med det første, men nei. Kjempefint blir det ikkje.

– Ingen blå himmel i sikte altså?

– Det kan hende du får sjå den, men det blir mellom regnbygene. Torsdag føremiddag ser ganske bra ut. Det blir nok skyer da også, men ikkje verre enn at sola treng gjennom. Men allereie på ettermiddagen vil det skye til att. Frå klokka 12 og utover.

Ikkje mykje håp å finne hos ekspertane altså, men vi står vel av denne bygen også. Og den neste.

LES MEIR: Firdaposten måtte evakuere

Artikkeltags