Påskefri? Sjekk korleis påskevêret blir!

Det blir neppe like bra påskeføre i år som i fjor.

Det blir neppe like bra påskeføre i år som i fjor. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Hugsar du påska i fjor? Då snøen låg tjukk((t)) og sola skein som på eit postkort? Vel... Slik blir det IKKJE i år.

DEL

– Den kommande helga blir det slik som det har vore dei siste dagane. Så førebels er det ingen grunn til å finne fram solbrillene og kvikk-lunsjen, seier statsmeteorolog Gunnar Livik, ved Meteorologisk institutt til Firda.

Denne vinteren går neppe inn i historiebøkene som ein av dei som har gitt skientusiastane mest grunn til å smile. Er du derimot ein tilhengar av sydvest og regnjakke, har du derimot fått i bøtter og spann.

I dei fem vintermånadane frå novmeber til og med mars har det komme over 1,3 meter med nedbør. Og det blir også nedbør i dei kommande dagane.

– I utgangspunktet såg jo påskevêret veldig bra ut, men det er nokre rotasjonar i lufta som gjer at det vil komme regn, seier statsmeteorologen.

Kaldare til veka

Livik fortel at det i løpet av helga vil bli meir vind i fylket. På kysten vil det gå over i liten kuling og vidare til sterk kuling på søndag.

– Det vil komme inn ein kaldfront søndag, då vil temperaturen synke. Og det vil kunne komme nedbør som snø ned på 300 til 500 meter over havet på måndag. Tysdag vil det bli endå kaldare. Då kan nedbøren komme som snø eller sludd, heilt ned i fjøra. Det vil vere bygevêr, seier meteorologen.

Han fortel at det slik meldingane ser ut no, vil det bli betring i vêret frå onsdag. Men at dette kan endre seg når det nærmar seg.

– For at ein skal unngå nedbør i Sogn og Fjordane, må bygene stogge i fjellet mellom Sunnmøre og Nordfjord. Det kan sjå ut til at det blir nokre byger torsdag, seier Livik.

Ikkje den beste påska

Han fortel vidare at onsdagen truleg blir noko betre, og at ein kan håpe på ein verkeleg fin dag anten fredag eller laurdag.

– Det kan og blir fleire av dagane som vert bra. Onsdag og laurdag har sett best ut, men dette er noko som stadig endrar seg.

Så for dei som hadde håp om høg solfaktor og mange timar på ski, er det neppe den påska ein endar opp med å få. For snømengda i fylket er ikkje veldig stor, og slik som dagane er no smeltar snøen opp til 1000 meter over havet.

– Det er vanskeleg for meg å seie noko om korleis snøtilhøva blir. Men det ser ikkje veldig lovande ut, seier statsmeteorologen.

Skulle du likevel tenkje at det er høve til å få prøvd skia, kan det vere greitt å ha med at dei neste dagane har NVE varsla moderat snøskredfare i heile landet. Så bruk vitet om du vandrar i fjellet.

Artikkeltags