Gå til sidens hovedinnhold

Var for lenge på toalettet – vart innelåst på utestaden

Det var ei roleg natt for politiet, med unntak av ein mann som blei innelåst på ein utestad etter eit toalettbesøk.

FIRDA: Klokka 02.25 natt til søndag fekk politiet inn ein telefon frå ein mann, som sa han var innelåst på ein utestad i Florø.

– Det var ein mann som skulle på toalettet. Då han gjekk ut av toalettet, var uteplassen stengt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algrøy.

På Twitter skriv Vest politidistrikt at mannen hadde vore litt lenge på toalettet, og då han kom ut igjen var alt sløkt og låst.

– Vi ringde til ein tilsett, som kom og slapp mannen ut, seier Algrøy.

Kommentarer til denne saken