Gå til sidens hovedinnhold

Væpna politiaksjon i Jølster

(Firda)

Ein politipatrulje i Vest politidistrikt skulle i dag bistå namsmannen med eit sivilt gjeremål på ei adresse i Jølstravegen, Sunnfjord.

Ved ankomst fekk vi kontakt med vedkomande, men han framstod då lite samarbeidsvillig. Han viste fram ein kniv på trappa og gjekk tilbake i sin bustad, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt, i ei pressemelding.

Politiet er i ferd med å etablere ein større styrke utanfor bustaden i tilfelle situasjonen eskalerer.

Firda kjem tilbake med meir.