Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier han ikkje har tenkt å heve 750.000-kroners grensa, som set skiljet for inntektene som vil få skatteauke, melder NRK.

I Hurdalsplattforma heiter det at: «Regjeringa vil redusere inntektsskatten for dei med inntekter under 750.000 kroner og auke skatten for andre».

Lønnsveksten ligg an til å bli så sterk, opp mot 4 prosent årleg, at alle som tente over 645.000 i fjor, vil hamne over 750.000-grensa innan 2025.

– Dette har vi vore tydelege på over tid. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet sa jo dette i valkampen, at dette beløpet var skjeringspunktet. Men hovudpoenget her er jo at vi meiner dei som har lågare og middels inntekter, ikkje skal få høgare skattetrykk, forklarer Vedum.

(©NPK)