– Sjølv om streiken blant bussjåførane er utvida vil undervisninga halde fram som normalt ved dei vidaregåande skulane i fylket. Det seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune via vestlandfylke.no.

Alle bussjåførar i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark og deler av Nordland og Kristiansand vart tekne ut i andre streikeuttak frå laurdag morgon. Søndag kveld har det framleis ikkje vore kontakt mellom partane i konflikten.

Ikkje dispensasjon for skulekøyring

– Dette er ein lovleg streik som vil innebere at busstilbodet i Vestland vert stansa. Det vert ikkje gjeve dispensasjon for skulekøyring, noko som inneber at mange elevar ikkje kjem seg til skulen ved ei mogleg utviding av streiken, seier Lyngedal.

Også dei elevane som nyttar seg av vanleg rutetilbod vil merke at bussane ikkje kjem. Lyngedal oppmodar elevar som kan gå eller sykle til skulen om å gjere det, eller finne anna transportløysing utan å bryte gjeldande smittevernreglar for skuleskyss.

Må melde frå til faglærar

Elevar som må vere heime grunna manglande skuleskyss vert bedne om å melde frå til faglærar slik at det kan leggjast til rette for arbeid med oppgåver. Elevane kan ikkje forvente å få videoundervisning som følgje av manglande skuleskyss.

Elevane som ikkje kjem seg til skulen på grunn av streiken vil ikkje få fråvær.

Lik praksis

– Dei fleste vidaregåande skulane i hele Noreg føljer lik praksis, som er at undervisninga skal skje på skulen. Så vil vi sjølvsagt følje med på utviklinga og korleis situasjonen vil bli for elevane i Vestland, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland