15 fylke – 19 valdistrikt. Det blir truleg fasiten når Stortinget har behandla både splitting av tre storfylke og forslag om endringar i valsystemet.

Dei neste vekene skal Stortinget behandle både valdistrikta og splittinga av fylka Viken, Troms og Finnmark og dessutan Vestfold og Telemark. Dermed blir regionsreforma til den borgarlege regjeringa, som enda med elleve fylke, delvis reversert.

– Om Stortinget gjer vedtak om deling før sommaren, ligg alt til rette for at dei nye fylka kan vere klare frå 1. januar 2024, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Stortinget vil etter planen spikre det nye kartet med 15 fylke 10. juni.

– Godt innarbeidde

Samtidig har kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget behandla ei rekkje grunnlovsforslag om endringar i valsystemet. Resultatet blir i all hovudsak at alt blir som det har vore, utanom nokre språklege endringar, får NTB opplyst av saksordførar Svein Harberg (H).

Blant forslaga som ikkje får fleirtal, er SVs framstøyt for å sikre at valdistrikta ved stortingsval samsvarer med fylkesgrensene.

Eit fleirtal i kontroll- og konstitusjonskomiteen vil heller behalde dagens valkart. Dei 19 valdistrikta er godt innarbeidde og vil «fortsatt være tjenlige for å sikre god deltakelse ved stortingsvalg», heiter det i ein merknad som blir støtta av Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Raudt.

Dermed blir det framleis 19 valdistrikt, og Svein Harberg skal – dersom han blir attvald i 2025 – framleis representere Aust-Agder, sjølv om det ikkje lenger er noko fylke som heiter det.

Komitéfleirtalet følgjer fleirtalet i vallovutvalet, som leverte forslaga sine i 2020. Dei påpeika at dagens inndeling har fungert fint.

Inga endring i sperregrensa

Stortinget har også diskutert om dei skal endre sperregrensa. Den avgjer kor stor oppslutning eit parti må ha for å få inn utjamningsmandat på Stortinget. Ordninga skal sikre større samsvar mellom talet på stemmer eit parti får i valet og kor mange representantar dei får i nasjonalforsamlinga, enn det distriktsmandata gir.

Vallovutvalet foreslo å senke grensa til 3 prosent for sikre ei meir proporsjonal valordning. Framstegspartiet foreslo på si side å heve ho til 5 prosent. Men fleirtalet i komiteen går inn for å behalde dagens grense, som er på 4 prosent.

Saka blir etter planen behandla i Stortinget 1. juni.

(©NPK)