Mann i 40-åra arrestert av politiet etter vald mot sambuar i Florø

Helsepersonell kom til staden og fekk teke hand om kvinna. Mannen blei arrestert og sitt no på ei av cellene på Florø Politistasjon.

DEL

– Vi fekk ikkje gjort avhøyr i natt og har ikkje eit fullt bilde av kva som har skjedd, men vi startar opp med avhøyra av begge no, seier innsatsleiar Synnøve Domben i Vest politidistrikt.

Det var natt til laurdag ved 01. 15 tida at politiet rykte ut etter at dei hadde fått telefon frå huseigar om bråk.

Politiet kom på staden og fann raskt ut at bråket handla om ei valdshending mot ei kvinne.

Det var berre sambuarparet som var til stades i leilegheita då politiet kom til staden.

– Vi fekk tatt hand om den mannlege parten som no er sett i arrest. Kvinna som var utsett for vald varte teken hand om av helsepersonell på staden. Mannen er ikkje ein person som politiet kjenner til ifrå før, opplyser Domben.

Artikkeltags