Må tenke nytt no - ikkje seinare

Arkivfoto.

Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Venstre i Sogn og Fjordane vil ha fortgang i det grøne skiftet for oljebransjen.

DEL

Det seier fylkesleiar og fylkesordførarkandidat i Venstre, Gunhild Berge Stang, og ordførarkandidat i Flora, Jan Henrik Nygård i ei pressemelding.

Søker støtte

Venstre foreslår difor ein ny ENØK sysselsettingspakke for å hindre veksande arbeidsløyse i petroleumsnæringane på Vestlandet, og stortingsgruppa har difor fremja eit dokument 8-forslag til Stortinget om auka satsing på ENØK-tiltak på norsk sokkel. Dei peikar på at dette er tiltak som må gjennomførast uansett, men vil ha fortgang i satsinga for å demme opp for noko av fallet i sysselsettinga i oljebransjen. Dei ber regjeringa gjere det meir lønsamt for petroleumsnæringa å gjennomføre energieffektiviseringstiltak, gjennom ein kombinasjon av meir gunstige avskrivingsreglar og auka CO2-avgift.

- Trass i at det har vore gjennomført utgreiingar som viser at det må gjennomførast ENØK-tiltak på norsk sokkel, så er ein ikkje komne i gang med dette. Det er ei forståing for at dette skal gjennomførast fram mot 2030, men vi vil ha fortgang i denne prosessen både for å redusere utsleppa og for å utnytte den ledige kapasiteten i bransjen no. Og skal vi klare å redusere arbeidsløysa knytt til petroleumsverksemda i mellom anna Florø, er det viktig at alle parti støttar Venstre sitt forslag i Stortinget når det vert behandla til hausten, strekar Berge Stang under.

Hovudverkemiddelet for å redusere utslepp av CO2 frå norsk olje og gassverksemd er CO2 avgifta som vart innført i 1991. I Venstre meiner ein no at det er behov for ytterlegare tiltak for å stimulere til energieffektivisering på norsk sokkel.

- Bransje med stor evne til omstilling

- Norge er inne i ei krevande tid der kostnadskutt, prosjektutsettingar og redusert aktivitet innan utbygging, modifikasjon og vedlikehald har ført til oppseiingar og permitteringar som særlig har ramma leverandørindustrien. Dette merkast godt i Florø, peikar Berge Stang og Nygård på.

Dei meiner at trass i at dette er ei næring med stor evne til omstilling er det viktig å setje inn tiltak så tidleg som mogleg, tiltak som kan demme opp for arbeidsløysa som er under utvikling på grunn av den låge oljeprisen.

- På sikt vil jo denne omstillinga melde seg uansett fordi oljen er ein tidsavgrensa ressurs. Difor må vi setje i verk tiltak som gjev ein mjuk overgang og tid til omstilling. Vi har difor i alle tidlegare statsbudsjett lagt inn tiltak som skal styrke landbaserte næringar slik at arbeidskrafta frå oljenæringa har andre moglegheiter når oljeprisen og investeringar på norsk sokkel går ned, seier Berge Stang.

Mange fagarbeidarar og ingeniørar har vorte råka av den låge oljeprisen og partiet meiner det er viktig at Norge, med sin verdsleiande kompetanse i desse faggruppene, evnar å ta vare på denne kompetansen.

- Då kan ein bruke den ledige kapasiteten til å løyse andre samfunnsutfordringar, og eit viktig tiltak er å redusere klimagassutsleppa frå norsk sokkel, meiner dei to.

Forslaget blei levert inn i juni, og i følgje Berge Stang er dette noko Vestlands-Venstre har arbeidd mykje med.

Artikkeltags