Slo ned som ei bombe i Høgre-leiren

Ein alvorstynga gjeng på Høgres valvake.

Ein alvorstynga gjeng på Høgres valvake.

DEL

Alt digitalt innhald for kr 29 til over påske

Opptellinga av førehandsstemmene slo ned som ei bombe på Høgres valvake heime hos sittande ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Ifølge førehandsstemmene var Høgre og Samlingslista like store, med høvesvis 17,7 og 17,5 prosent.

- Mykje kunne vore gjort annleis viss vi ikkje hadde vore så forbanna danna i Høgre. Det har vore mange drittpakkar frå fleire hald, Jacob Nødseth og sentrale Ap-folk. Vi har satsa strategisk på å ikkje ta tilbake. Det har vore eit feilgrep. Folk har tydelegvis trudd på skitkastinga.

- Er du ordførar i neste periode?

- Nei, det trur eg ikkje.

Så lysna det litt

Ein time seinare er nesten alle stemmene i Florø talde opp. 35 prosent til Ap, drygt 20 til Høgre, 14 til Samlingslista.

Då fer det eit forsiktig smil over ansiktet til ordføraren.

- Det begynner å komme seg no, seier han.

Den førebelse opptellinga viser at Høgre og Samlingslista i lag er omtrent like store som Ap. Ap har rett nok ein mindre representant.

- Vi forhandlar ikkje med Jacob Nødseth, seier Solheim-Olsen og legg den ballen død.

- Ingen av dei tradisjonelle konstellasjonane har fleirtal. Det blir naudsynt å tenke utanfor boksen, slår han fast.

- Ikkje ute av spel

Hanne Eva Husebø Kristensen er også skuffa over resultatet.

- Men vi har hatt, og har, fokus på å drive Flora framover.

- Korleis kan du seie det? Høgre er ikkje eingong i posisjon til å forhandle om varaordføraren.

- Det skal du ikkje seie. Vi har tradisjon for å samarbeide med Venstre, KrF og Frp. I lag er vi like store som Ap, seier Husebø Kristensen og slår fast at Høgre ikkje er sett på sidelinja.

Artikkeltags