- Vi blir skuffa om vi berre får eitt mandat

Samlingslista i Flora hadde valt seg Quality Hotel som valvake-base måndag kveld.

Samlingslista i Flora hadde valt seg Quality Hotel som valvake-base måndag kveld.

Av

Nødseth trur dei vil "stele" veljarar frå alle leirar.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

VAL 2015Ordførarkandidat Jacob Nødseth frå Samlingslista har kjent på ein gryande optimisme dei siste vekene.

- Den er basert på dei tilbakemeldingane vi har fått gjennom ein svært god valkamp, fastslår den unge, men likevel erfarne politikaren, som måndag kveld i åttetida var samla på Samlingslista si aller første valvake.

Stolt gjeng

- Vi føler vi har gjort det vi kunne. Og når du tenkjer på kva utgangspunkt vi hadde for dette prosjektet, så er vi litt stolte over kva vi har fått til - nesten uavhengig av korleis valet går, seier han.

- De har profilert dykk på gode helse- og omsorgstilbod. Kor viktig blir dei godt vaksne veljarane i kveld?

- Viktige, heilt klart. Det var ein florøværing som spøkefullt spurde meg om eg har hatt ein rullator-magnet i baklomma gjennom valkampen, men slik er det no ikkje. Eg trur vi også hentar veljarar på andre delar av politikken vår, også når det gjeld unge og oppvekstvilkår, seier Nødseth.

- Kvar kjem de til å ta veljarane frå?

- I starten var eg overtydd om at det ville i all hovudsak bli frå Venstre og Høgre. Men jo lenger dette prosjektet har fått modnast, jo meir overtydd er eg om at vi tek veljarar frå nesten alle parti. Det er i alle fall det inntrykket eg har fått gjennom valkampen.

Må inn med meir enn ein

Men det er ein gong resultata som tel. Og sjølv om Nødseth er nøgd med reisa, er det om få timar dommen fell.

- Kva vil du vere nøgd med?

- Eg skal vere så ærleg å seie at eg blir skuffa om vi kjem inn i bystyret med kun eitt mandat.

Artikkeltags