Heilt ope i Bremanger-valet

Innsamling av røyster i rådhuset i Svelgen.

Innsamling av røyster i rådhuset i Svelgen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Høgst usikkert om Sp held fram i ordførarstolen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

KOMMENTAR: Utfallet av valet i Bremanger er heilt opent. Dagens Sp-ordførar Karl Vidar Førde har styrt ut frå ei raudgrøn avtale i kommunestyret. Senterpartiet fekk denne posisjonen etter eit rekordsvakt val for Ap og eit valskred for Høgre ( gjekk frå 3 til 6 mandat) og Frp (2). Den raudgrøne konstellasjonen med 12 mandat har styrt i den grad det har vore noko å styre. Mykje har handla om å kvitte seg med Terra-åket og rådmann Tom Joensen har hatt begge hendene på rattet i ei knallstram økonomistyring. No viste det seg at Bremanger-økonomien måtte har vore veldig solid før Terra-smellen. For Bremanger har likevel vore i stand til å behalde ein desentralisert skulestruktur og investere i den nye flotte sjukeheimen i Svelgen, som no er i sluttfasen for bygginga.

Kommunenestyremandata i dag:

6 Ap - 1 SV- 5 Sp - 6 Høgre- 2 Frp - 2 Venstre - 1 KrF = 23 mandat. 

Valkampen i Bremanger har ikkje hatt dei store verkeleg store stridsemna i valkampen. Sp sin unge toppkandidat, Marius Strømmen, har vore den klart mest friske, visjonære og offensive i valkampen. Han har flagga at han vil overta rolla til Karl Vidar Førde som "Prinsesse-vil-ikkje"  i kommunesamanslåingsdebatten. Det har han greidd og dels vidareutvikla til "Prinsesse-vil-absolutt-ikkje" når ein tek med den bastante haldninga han har lagt for dagen i Kystvegen-saka og brukryssinga over Nordfjord. Han har gjort seg til talsmann for å utfordre det regionale samarbeidet om Kystvegen ved å seie absolutt nei til å legge inn ferjeavløysingsmidlar frå Stårheim-Isane. Det kan skape ein vanskeleg situasjon når vi veit at ein må konkurrere mot andre prosjekt når ein skal selje inn brukryssingsprosjekt til sentrale styresmakter. Sp har nok sikra seg veljarar i heimeområdet Rugsund-Davik-Ålfoten. På den andre sida er det lite sannsynleg at dei sankar mykje stemmer verken i Svelgen eller ytre delar av kommunen på dette.  Litt for mykje Møllers Tran har det kanskje også vore når han har uttalt at han meiner eit framtidig sentral-badeanlegg skal ligge i Rugsund og ikkje kommunesenteret Svelgen.

Ordførarvalet står mellom Høgre sin Audun Åge Røys, Espen Sortevik (Ap) og Marius Strømmen (Sp). 

Ut frå landstrenden trur vi at Ap kjem til å gå opp med 1-2  mandat og Høgre kjem til å gå tilbake noko, sjølv om dei kan få stemmer frå FrP-veljarar som ikkje lenger har eit lokalparti å stemme på.  Sp er i vinden på fylkesnivå, men står med Jenny Følling i spissen fram med lite kystvennleg politikk.  SV kan få inn 1-2 kandidatar ut frå si profilering på kvinner på topp og lokal støtte til toppkandidatane frå ytre, Charlotte Skjølberg og Grete Berntzen. Også Venstre kan sanke bra med stemmer med to erfarne folk på topp, Kåre Jarl Langeland og Åge Senneset. KrF får sikkert inn att sitt eine mandat basert på det verdikonservative grunnfjellet til partiet. 

Vi dristar oss til å tippe følgjande utfall av valet:

8 Ap-  2 SV -  4 Sp - 5 Høgre- 3 til Venstre-  1 KrF.

Viss utfallet blir slik - kan det sjå ut som Ap har dei sterkast korta på hand. Men det skal hestehandlast og då er utfallet på ingen måte gitt på førehand. Uansett kan det nye kommunestyret høgst sannsynleg sjå fram til langt meir handlingsrom enn i dei fire åra som ligg bak oss. 

Artikkeltags