Vil byte ut olje med oppdrett

Duell mellom Bengt SOlheim-Olsen (H) og Martin Malkenes (MDG).

Bengt SOlheim-Olsen (H) og Martin Malkenes (MDG).

Bengt SOlheim-Olsen (H) og Martin Malkenes (MDG).

DEL

Siste sjanse: Alt digitalt innhald for kr 29 til over påske

Næringsliv:

Kva vil du og partiet ditt gjere for at Fjord base skal sikrast meir aktivitet i samband med ei større satsing på utbygging av Snorre C?

Solheim-Olsen: – Vi må ikkje la den vesle duppen vi har i oljenæringa få oss til å misse fokus på desse viktige arbeidsplassane. Vi har starta dialogen med styresmaktene om kva vi kan bidra med. Det vert spesielt viktig å vise Statoil konkurransefortrinna med å bruke basen i Florø. Her vil det gode samarbeidet vi har med Fram Florø og Maritim Forening i Petro Florø spele ei nøkkelrolle for å skape hundrevis av arbeidsplassar.

Malkenes: – Spørsmålet bør heller vere om vi bør satse meir på olje i Florø. Det kan vere at Snorre C vert eit punktum for oljeaktivitet i Norge og i verda. MDG er det einaste partiet som har ein ansvarleg politikk for avvikling. Vi ser no at marknaden styrer og fører til stor arbeidsløyse. MDG vil erstatte oljeaktiviteten på basen med arbeidsplassar i nye grøne næringar i tillegg til oppdrett, fiskeri og andre etablerte næringar.

Viktigaste sak:

Gje oss ein grunn til å røyste på deg og partiet ditt?

Solheim-Olsen: – At vi kan halde fram med å styre økonomien til Flora på ein god måte – slik at vi får meir pengar å bruke til gode skular og barnehagar og meir til eldreomsorg og andre viktige oppgåver kommunen skal løyse. Høgre er ein garantist for at vi skal halde god kontroll med kommunen sin økonomi.

Malkenes: – Vi vil fremme ein politikk for framtida og for berekraft. Det er utgangspunktet for alt vi vil drive med. Dei andre partia vil føre ein politikk for vekst som set heile planeten vår i ulage. Menneskeleg aktivitet forbrukar 1,5 gong i høve til det jorda produserer i nye ressursar. Dette kan ikkje halde fram. MDG vil føre ein politikk som held seg til heilt elementære naturlover. I andre parti trur dei på evig vekst.

Fjorddeponiet:

Regjeringa har bestemt - og der er stort fleirtal på Stortinget for fjorddeponiet i Førdefjorden. Korleis vil du handtere saka om Engebøfjellet og fjorddeponiet framover?

Solheim-Olsen: – Bystyret har vedteke at vi skal følge opp og passe på at laksenæringa, som er særdeles viktig for oss i Flora, ikkje taper på fjorddeponiet. Miljøet skal overvakast med prøvetaking. Det betyr at vi får faste målingar. Viser desse uakseptable verdiar skal deponeringa av overskotsmassane i fjorden stoppast. Så får vi berre håpe på at teknologien på området vert betre, slik at overskotsmassen kan brukast på ein annan måte.

Malkenes: – Vi jobbar aktivt for å stoppe galskapen. Saka er i ferd med å verte eit problem for lokaldemokratiet. Utbyggar trugar med å gjere dei som går imot deponiet ansvarlege for økonomiske tap selskapet kan få på grunn av protestane. Vi jobbar med det juridiske og på alle plan for å stoppe denne måten å drive gruver på. Der er andre og langt betre alternativ. Men dei vil koste meir. Konkret for å hindre at Nordic Mining får bruke Osen-som vasstilførsel for slik å berge den viktige laksevassdraget.

Omsorg:

Kva område av dei kommunale drifta ønsker partiet ditt å konkurranseutsette og legge ut på anbod? Kva med omsorgstenestene?

Solheim-Olsen: – Vi må snu kvar krone og effektivisere drifta av kommunen. Kan vi hente fleire millionar kroner på å konkurranseutsette ei eller to avdelingar, så har vi ikkje anna val. Vi prøvde å gjere det med reinhaldstenestene. Men Høgre fekk ikkje fleirtal for det i bystyret, sjølv om innsparingane ville verte på 1 til 2 millionar kroner. Vi har og føreslått å gjere det med dei kommunale vaktmeistertenestene. Ut over det er det ikkje aktuelt å prøve å konkurranseutsette andre område av den kommunale drifta.

Malkenes: – I nasjonal samanheng synest eg at det er greitt at private aktørar får prøve seg i konkurranse med lokale aktørar. Men i ein kommune som Flora med så små forhold, vil vi vere best tente med offentlege tenester. Her vil ikkje det å konkurrere mot kommunen om folk si velvære verte nokon god butikk. Eg trur kommunen sine innbyggarar vil vere best tente med at dette held fram med å ta ansvaret. 

Administrasjon:

Kostnader til politikk og administrasjon er mellom det som har auka mest i Flora siste fireårsperiode. Det er sagt at utgiftene har auka med kring 40 prosent. Bør det gjerast noko med dette?

Solheim-Olsen: – Eg vil ikkje heilt godta premissane for spørsmålet. Vi snur kvar stein for å finne nye sjansar til å drifte billeg. Vi har stramma inn på den økonomiske drifta av kommunen. Vi har mellom anna lagt inn at vi skal spare 12 millionar kroner på den administrative drifta i åra 2016–2017. Ei av moglegheitene er å samordne alle rådhusfunksjonar i eitt bygg som må ligge i Strandgata. Men å bygge nytt rådhus for kommunen det har vi ikkje råd til.

Malkenes: – Dette er eit område eg har litt for lite erfaring frå lokalpolitikken til at eg kan uttale meg om på trygt grunnlag. At auken har vore så stor tyder på at dette også er eit område der det kan sparast inn mykje pengar. Men det kan og tyde på uutnyta potensiale som kan gje meirverdi i andre enden. Det kan og vere indikasjon på feilsatsingar som har ført til auka utgifter, men ikkje auka inntekter.

Artikkeltags