Skrytelista til Høgre

Ordførar Bengt Solheim-Olsen marknadsfører ting han meiner partiet har fått til på fire år.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen marknadsfører ting han meiner partiet har fått til på fire år.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Ap-veteran meiner Høgre ikkje har magemål for sjølvskryt.

DEL

Eg viser til Høgre og ordførar Bengt Solheim Olsen si skryteliste i FP 29.08.15.Nokre av sakene har vore arbeidd med i åresvis, somme har landa og andre går vidare og kan førast på skryteliste om 4 år og. Slik er politikken sitt vesen, nokon er mest opptekne av å få ting gjort medan andre er mest opptekne av å ta æra. Kva har til dømes Bengt Solheim-Olsen gjort for å få Kinnvegen på plass? Sjølvsagt ingen ting. Det har han heller ikkje hatt høve til då avtalen vart signert i august 2011, før han overtok som ordførar.

Tursti Brandsøyåsen, ny kinosal, ny kunstgrasbane og løpebane, er saker som alle parti står bak. Samrøystes vedtak som vert dekka inn med nye lån og spelemidlar. Utdjupinga av innseglinga vart vedteke av forrige regjering etter påtrykk frå eit samla politisk miljø lokalt. Samarbeid på tvers nyttar. Utvidinga på Basen er i privat regi utan medverknad frå noverande politisk leiing og har bakgrunn i tidlegare regulering. Vedtaket i denne

Åge Larsen i Ap.

Åge Larsen i Ap. Foto:

perioden gjeld vidare utviding.

Regulering for Knapstadmarka barnehage er vedteken. Prosessen med val av løysing har teke unødig lang tid på bakgrunn av at Høgre har gått for privat løysing i tre rundar for så å trekke forslaget når saka kom til bystyret. Høgre gjekk til slutt vekk frå privat barnehage slik at det no er vedteke kommunal løysing.

Når det gjeld kommuneøkonomien gløymer Høgre kor mykje meir dei har hatt å bruke. Fylket overtok båtrutene frå 2011, det utgjer 10 millionar årleg meir til drift. Kommunen har i perioden motteke 6,1 millionar frå Fylkesmannen i skjønnsmidar og Fylket har overført 5,3 millionar i næringsmidlar. Trass i ekstramidlane, 51,2 millioner, kan underskotet i år verte på over 10 millionar. I tillegg skal dei kutte 15 nye millionar i skule og barnehagar.

Arbeidet for å få starte bygging av Eikefjord skule var godt i gang før sist val. Alle parti har gått inn for å få den bygd, men det har vore mykje usemje om løysing og kostnad. Bente Frøyen Steindal etterlyste den løysinga som til slutt vart vedteken, i formannskapet januar 2013. Skanska AS hadde nemleg sendt inn døme på eit slikt prosjekt som ikkje vart vidareformidla til politikarane. Den blå promenade er ikkje ferdig, den er heilt avhengig av prosjekta til dei private utbyggjarane. Når det gjeld Sørstrand Folkepark, var eg sjølv ilag med dåverande ordførar Frøyen Steindal på synfaring. Det vart sett i gang med å skaffe midlar og arbeidet kom igang. Ei stor ære for at vi no har dette fantastiske anlegget har Magne Hovland og varaordførar Jan Henrik Nygård ilag med mange frivillege.Midlar og planar for uteområdet ved Florø barneskole var på plass i forige periode og arbeidet er no utført. Ikkje med på ovemnde liste, men eit viktig tiltak som er verd å nemne. Lista eg syner til kan som ein skjønar, dei fleste parti bruke som sine «skrytelister», men den kunne med godt samarbeid truleg fått tilført mange fleire positive saker.

Så vil eg til slutt nemne Trovikeigedomen, den gløymde du ordførar, til trass for at her har du stort sett «æra» aleine. Her er det brukt bort imot 3 millionar uten at nokon ting har skjedd. Med mindre det er noko generalforsamlinga som er formannskapet, ikkje fekk informasjon om i møtet 2.juni i år. Vi les om planar i avisa, men den einaste informasjonen vi har fått er at det ikkje er noko formelt eller sikkert på plass. Før eg takkar av i politikken, har eg eit ynskje og eit råd: Ha fokus på sakene. Samarbeid på tvers til det beste for kommunen. Det nyttar ikkje med eit splitta bystyre, her har alle eit felles ansvar og særleg gjeld det ordførar. Det Flora no treng er ein samlande ordførar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags