Nygård: - Reknar med å forhandle om ordførarvervet

Jan Henrik Nygård (V) og Gustav Johan Nydal (KrF) stiller begge for å ta ordførarklubba.

Jan Henrik Nygård (V) og Gustav Johan Nydal (KrF) stiller begge for å ta ordførarklubba. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Som 3. største parti kan vi forhandle mot både Ap og Høgre etter valet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Jan Henrik Nygård trur at Venstre kjem til å bli 3. største parti i bystyret, og trur at verken høgresida eller venstresida vil ha noko fleirtal.

- Det blir forhandlingar og leiar for Flora Venstre, Harald Lindvik, er parat til å gå i tøffe forhandlingar. Vi har samarbeidd  i begge retningar tidlegare, så dette blir veldig spanande. Skilnaden på Ap og Høgre ligg i grove trekk i haldninga til eigedomsskatten, seier Nygård.

Han trur at kring 10 av dei 31 mandata vil gå til dei mindre partia. Det er berre SV som har flagga kven dei vil samarbeide med og dei vil gå til Ap.  Nygård trur Ap kjem til å få i overkant av 10 mandat og Høgre i underkant. Dermed kan maktfordelinga i bystyret vere uavklart i mange dagar etter valet.

- Fordelen er at det vil gje dei mindre partia meir påverknad på politikken i Flora.

LES OGSÅ:

Nydal: - Eg kan faktisk bli ordførar 

Artikkeltags