Nydal: - Eg kan faktisk bli ordførar

GOD START: – Det er vidare suksess i den internasjonale marknaden som vil avgjere Polarny Maritime si framtid, konstaterer dagleg leiar Gustav Johan Nydal. Foto: Maiken AA. Solbakken

GOD START: – Det er vidare suksess i den internasjonale marknaden som vil avgjere Polarny Maritime si framtid, konstaterer dagleg leiar Gustav Johan Nydal. Foto: Maiken AA. Solbakken

Artikkelen er over 2 år gammel

Valet i Flora blir ein ektre thriller og KrF-kandidaten meiner han kan lage ei "samlingsregjering"

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- Eg er klar til å bli ein samlande ordførar for Flora kommune, slår Gustav Johan Nydal fast.

Eit ikkje uventa utfall av valet 14. september kan bil at verken raud eller blå side kan mangle reint fleirtal.
 

-Mange spør om det er realistisk at KrF kan få ordføraren eller varaordføraren i Flora kommune etter valet 14 september? Og svaret er ja. Krf kan få så mange stemmer at vi blir det 3. største partiet og vi kan komme på vippen i bystyret, forklarer han.

Han listar opp følgjande scenario: 

1. Høgre, AP, Venstre og KrF går saman for å danne eit fleirtal og ein samlar seg om KrF sin kandidat som ordførar. Det største av dei andre partia får varaordførar, deretter fordelar ein utvalsleiarane og andre verv broderleg til dei andre partia som deltek i koalisjonen.
2. Sentrumspartia og evt. andre mindre parti samlar seg om KrF sin kandidat og går saman med Høgre for å få fleirtal. Høgre får varaordførar, og ein fordelar broderleg utvalsleiarar og andre verv til andre parti som deltek i koalisjonen
3. Sentrumspartia og evt andre mindre parti samlar seg om KrF sin kandidat og går saman med AP for å få fleirtal. AP får varaordførar.og ein fordelar broderleg utvalsleiarar og andre verv til andre parti som deltek i koalisjonen.

Les også:

Nygård: - Reknar med å forhandle om ordførarvervet 

Artikkeltags