- Magekjensla er god!

Høgrepolitikarane Bjørn Hollevik, Arlene Vågene og Hanne Husebø Kristensen augnar håp i dei første prognosane frå valet. Nedst i venstre bildekant ei meir uroa Solveig Willis.

Høgrepolitikarane Bjørn Hollevik, Arlene Vågene og Hanne Husebø Kristensen augnar håp i dei første prognosane frå valet. Nedst i venstre bildekant ei meir uroa Solveig Willis. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I år har alle dei politiske partia lokalt samla seg til ei felles valvake på Vesle Kinn i Strandgata, etter initiativ frå ordførar Ola Teigen (Ap). Vaka er open for alle, men veljarane glimra stort sett ved sitt fråver på det tidspunktet Firdaposten var innom. Til gjengjeld var dei fleste politiske partia representerte - med unnatak av MDG som hadde planlagt si eiga valvake.

Optimistisk vondt i magen

Klokka mangla nokre få minutt på ni, då den aller første prognosen skulle komme.

- Er pulsen høg, Karianne Torvanger (Ap)?

- Eg har vel meir vondt i magen enn høg puls. Det er jo ganske jamt, og ingen løyndom kven eg helst ser i regjering, seier ho, med eit litt anstrengt smil.

- Eg er framleis optimist! erklærer ordførar Teigen.

Han meiner det store spørsmålet blir kva som hender med småpartia, både dei som allereie har plass på Stortinget og MDG og Rødt.

- Det kan bli ein ytterlegare krevjande parlamentarisk situasjon med endå fleire småparti, trur han, og legg til:

- Sjølvsagt er det også spennande om MDG kjem over sperregrensa. Då vil førstekandidaten Stein Malkenes her frå Sogn og Fjordane ha ei moglegheit til å få utjamningsmandatet.

Set si lit til Frida

At det blir jamt er også Hanne Husebø Kristensen og Arlene Vågene frå Høgre sikre på.

- Difor er det også veldig spennande, smiler Kristensen, som bedyrar at magekjensla er god.

- Iallfall er det godt å kjenne på at vi har verkeleg har gitt jernet i valkampen. Og det er sjølvsagt veldig spennande med Frida (Melvær, Høgres 1. kandidat i Sogn og Fjordane, journ.anm.). Vi håpar inderleg at vi skal få henne inn, supplerer Vågene.

Like etter kjem den første prognosen som viser borgarleg fleirtal. Det er få reaksjonar å spore i rommet, verken hos dei raude eller dei blå.

- Skuffa over at folk ikkje stemde lokalt

Ei noko dempa stemning er det også på MDG si vake heime hos leiar Martin Malkenes. Vaka består av åtte personar, omlag halvparten av det alle dei andre partia samla inne i byen. Dei første prognosane viser ein oppslutnad på 3,3 % til MDG så langt, og Malkenes nølar ikkje med å kalle det "nedsig". Stein Malkenes er MDG Sogn og Fjordane sin førstekandidat.

- Eg hadde håpa folk ville stemme på ein lokal representant. Med tanke på kva vi har opplevd dei fire siste åra, hadde det vore fint å ha ein lokal representant på tinget, meiner han.

Malkenes meiner Norge ikkje har fått med seg det auka fokuset på miljø ein ser elles rundt om i verda.

- Eg synes det er rart at folk ikkje reagerer på det som skjer andre stader i verda - om det er orkanar eller Kina som vil slutte å bruke bensin. Vi er på kjapp veg inn i bakevja om Høgre skal styre landet i fire år til, sler Malkenes fast.

Det svaret får vi i morgon- og hugs at Firdaposten har journalistar på jobb frå klokka 6 tysdag morgon.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken