Ikkje så høg valdeltaking som ein først trudde

KØ: Det var lange køar for å stemme måndag ettermiddag og kveld.

KØ: Det var lange køar for å stemme måndag ettermiddag og kveld. Foto:

FLORØ: Måndag kveld meinte valfunksjonærar i Florø sentrum at valdeltakinga måtte nærme seg 80 prosent. Det viser seg å ikkje stemme.

DEL

Det er 13.372 stemmeberettiga i Kinn kommune. Når 99 prosent av stemmene er talt opp, viser det seg av 8.181 personar har stemt.

Det gir ei valdeltaking på 61,9 prosent totalt. Det var 85 blanke stemmer, og ein som vart forkasta.

I Florø valkrins var oppmøteprosenten på under 60: 59 prosent av 7.820 stemmeberettinga har stemt. Då vallokalet stengte måndag kveld, trudde ein på ein oppmøteprosent på mellom 70 og 80 prosent, på grunn av timesvis med lange køar.

Men folk har rett og slett brukt lang tid i avlukkene, både på å bestemme seg, krysse og gi slengarar.

I Måløy derimot, var oppmøteprosenten på 67 %, i Eikefjord på 60,4 %, i Norddalsfjord 74,7 %, Stavang 61,4 %, Raudeberg 67,1 % og Skavøypoll 68,2 %.

I Bremanger var det 2.950 stemmeberettinga, og ein frammøteprosent på 67,4 %.

Artikkeltags