Stad kommune klar for konstituering, med Bjørlo (V) som ordførar

TREPARTISTYRE: Venstre, Ap og Høgre skal danne styringsgrunnlaget for Stad kommune, med valvinnar Alfred Bjørlo (V) som ordførar.

TREPARTISTYRE: Venstre, Ap og Høgre skal danne styringsgrunnlaget for Stad kommune, med valvinnar Alfred Bjørlo (V) som ordførar. Foto:

Det blir valvinnar Venstre, Ap og Høgre som skal styre nyskapinga Stad kommune dei første fire åra.

DEL

Venstre, Arbeidarpartiet og Høgre er samde om følgjande fordeling av verv i Stad kommune:

Ordførar: Alfred Bjørlo (Venstre)

Varaordførar: Siri Sandvik (Arbeidarpartiet)

Høgre får éin fast plass i Formannskapet og leiarplass i eitt av hovudutvala etter nærare avtale mellom dei tre partia, skriv partia i ei pressemelding.

Venstre, Høgre og Ap har til saman 17 av 33 mandat i det nye kommunestyret i Stad, og dermed fleirtal (Venstre 11, Ap 4 og Høgre 2). Dei tre partia vil samarbeide for å sikre fleirtal i Formannskapet med fem av ni representantar (Venstre 3, Ap 1 og Høgre 1).

Parti-troikaen vil kome tilbake til øvrig konstituering på eit seinare tidspunkt. Partia er då også opptekne av å få til eit godt samarbeid med dei andre partia i det nye kommunestyret i Stad.

Stad kommune er ein ny kommune frå 1.1.2020 gjennom samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja i tidlegare Vågsøy kommune. Den nye kommunen får ca 9.500 innbyggjarar, og blir den fjerde største kommunen i "gamle" Sogn og Fjordane i det som no er Vestand fylke). .

Artikkeltags