Det blir vanskeleg å styre Kinn

VALDRONNINGA: Sidsel Kongsvik og Senterpartiet kunne juble over valresultatet i Kinn kommune.  FOTO: Linda Regina Bruvik

VALDRONNINGA: Sidsel Kongsvik og Senterpartiet kunne juble over valresultatet i Kinn kommune. FOTO: Linda Regina Bruvik

VAL2019: Sp og Raudt blei valvinnarar, men Ap er det største partiet i Kinn kommune.

DEL

Måndag gjekk folk i Flora og Vågsøy kommune til stemmelokala for å peike ut dei 39 folkevalde som skal styre Kinn kommune i dei fire første åra av den nye kommunen. Arbeidarpartiet blei det største partiet i kommunen, takka vere god utteljing på Florø-sida, men gjekk likevel mykje tilbake samanlikna med resultatet for fire år sidan.

Vinnarane

Med 26,7 prosent av stemmene, og ti mandat i det nye bystyret, er Ap størst. Kven dei skal samarbeide med for å sikre seg ordføraren dei neste fire åra er i skrivande stund vanskeleg å spå. For valvinnarane er nei-partia Senterpartiet og Raudt. Sp fekk 19,2 prosent av stemmene, og åtte mandat. Raudt stoppa på 9,6 prosent, og får fire folkevalde inn i bystyret.

Høgre får 16.1 prosent og seks mandat. Dei er dermed det tredje største partiet i Kinn etter dette valet.

Dei geografiske skilnadene er store i dette valet. Ap har god oppslutning i Florø og i Eikefjord valkrins, medan Sp gjer det best ute i distrikta. I Norddalsfjord fekk Sp heile 60 prosent av stemmene. Høgre gjer eit godt val i Måløy valkrins, men gjer det skuffande dårleg i Florø.

Taparane

Ordførarkandidaten til MDG, Odd Bovim, sa til Firdaposten at han ikkje kunne vere skuffa. Partiet har hatt Martin Malkenes i Bystyret i Flora i inneverande periode. I Vågsøy har dei ikkje vore til stades i det heile. No kjem dei inn med to representantar i Kinn. Målingane i forkant av valet tyda likevel på at MDG skulle gjere det betre enn det. Bovim kan nok kjenne på ein liten skuffelse, om han tek seg tida til å kjenne etter.

Skuffa var nok også Jacob Nødseth etter at valet viste at Venstre fekk 10,1 prosent av stemmene og fire kandidatar inn. Nødseth fekk 14,1 prosent med Samlingslista for fire år sida, og hadde nok håpa å gjere det minst like bra i år. Ordførardraumen er sannsynlegvis knust for denne gong.

SV kan heller ikkje vere heilt nøgd med 3,9 prosent. Det er lågare enn landsmålingane, og kanskje eit bevis på at SV ikkje heilt fekk det til å stemme i valkampen. Men då fintellinga ga dei eit mandat ekstra kan det nok hende dette likevel kjennast ut som ein liten siger.

Vanskeleg å styre

Frp gjer det litt betre enn venta. Dei kjem inn med to representantar, etter å ha sanka 4,5 prosent av stemmene. KrF gjer det om lag som venta, med 3, 3 prosent av stemmene. Det er nok til at dei held fram med ein kandidat i Bystyret. Partiet Dei Kristne fekk berre 66 stemmer, og blir ikkje representert i bystyret denne gongen heller.

Resultatet slik det ligg føre gjer det vanskeleg å sjå kven som skal kunne samarbeide om eit politisk fleirtal i den nye kommunen. Dei gamle politiske skiljelinjene frå høgre til venstre er ikkje noko godt kart i dagens politiske situasjon. Spørsmålet er om dei to mest framståande Ja til Kinn-partia, Ap og Høgre, kan finne saman, eller om dei heller vil styre saman med eit eller fleire nei-parti. Og sjølv om Ap og Høgre skulle bli einige må dei ha med seg minst eitt parti til for å ha fleirtal i Bystyret.

Situasjonen tysdag ettermiddag er uoversiktleg. Noko svar på kven som får ordføraren får vi nok ikkje før personstemmene er talt opp, og vi veit kven som får plass i bystyret dei neste åra. Dei tala er ikkje på plass før etter at Firdaposten har gått i trykken. Følg med på Firdaposten.no for nærmare oppdateringar.


Artikkeltags