Feil opningstid for røysting i Stavang

VAL: I Kinn kommune si annonse om opningstider i vallokalene har det snike seg inn ein feil i tidspunkta.

DEL

Vallokalet i Stavang er måndag ope frå klokka 14.00 til 18.00. (Ikkje frå 09.00 - 19.00 - slik det står i annonsa)

På Flora samfunnshus kan du røyste frå klokka ni om morgonen,m til klokka 20.00 på kvelden.

I Eikefjord er det ope frå 09.00 til 19.00, og i Norddalsfjord frå 14.00 - 18.00 - same som i Stavang.

Når ein skal stemme må ein ha med seg gyldig legitimasjon med bilde, og ein må stå i manntalet i Kinn kommune. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon, men vil gjere valprosessen enklare. Valkortet viser også informasjon om stemmelokale og opningstid i din krins.


Artikkeltags