Kvar tredje veljar er påverka av bompenge-saka

VIKTIG: Vegen vidare for bruk av bompengar for å finansiere komande vegprosjekt, kan bli den viktigaste enkeltsaka under vala som står for døra på Vestlandet.

VIKTIG: Vegen vidare for bruk av bompengar for å finansiere komande vegprosjekt, kan bli den viktigaste enkeltsaka under vala som står for døra på Vestlandet. Foto:

Så mange som ein av tre veljarar seier at bompengedebatten har betydning når dei skal snart skal røyste i kommune- og fylkestingsvalet i nye Vestland.

DEL

NRK Sogn og Fjordane: Sjølv om engasjementet er størst i byane, og særleg i Bergen, er veljarane over heile Vestland opptekne av bompengespørsmålet. Det viser ei undersøking som marknadsanalyseinstituttet Sentio har utført for NRK Sogn og Fjordane.

På spørsmålet "Har bompengeopprøret hatt noko som helst å seie for kva parti du vil stemme på?", svarar 32 prosent ja. Undersøkinga, som er utført i heile Vestland i perioden 12.-16. august, stadfestar det toppkandidat for Folkeaksjonen Nei til Mer bompenger, Knut Inge Andersen, har hevda tidlegare i valkampen:

- Nei, eg er ikkje overraska. Dette er ei av dei viktigaste enkeltsakene som folk legg vekt på når dei snart skal besteme seg for parti, seier Andersen til NRK.


Artikkeltags