Gå til sidens hovedinnhold

Rangerer partia med hjarte og bæsj

Artikkelen er over 4 år gammel

Norsk målungdom vurderer partia sin nynorskpolitikk i eit smilefjesskjema. SV kjem godt ut, mens det berre er tårer og skit å skimte kolonnane til Høgre og Frp.

Viss du lurer på kva parti som har den sterkaste nynorskpolitikken, har Norsk målungdom gjort jobben enkel. Dei har lese gjennom alle partiprogramma og laga eit enkelt smilefjessystem. Det skriv Firda.

– Mange gir terningkast og skriftlege vurderingar, men vi ville lage ei meir lett og morosam vurdering. Målet var å gjere den mest mogleg sjølvforklarande, seier leiar Fredrik Hope i Norsk målungdom.

 

Dumt å ikkje førebygge

I kolonnen for spørsmålet om kor vidt partia vil førebygge at nynorskbrukarar byter over til bokmål, får ingen parti vurdering. Hope meiner det vitnar om at partia har ein jobb å gjere når det kjem til å forme språkpolitikk.

– Partia burde forme meir politikk, spesielt i dei områda der nynorsk møter bokmål. At folk skiftar målform kan bli forhindra, seier han. Hope legg til at både SV og MDG er for å innføre språkdelt ungdomsskule, noko som ifølge han er eit steg i riktig retning.

Alt i alt er han nøgd med årets vurdering, då fleire parti har vedteke meir nynorskpolitikk enn i fjor. Unntaket er vinnaren av vurderinga frå 2013, MDG.

– I år var SV best, dei har skjerpa seg medan MDG dessverre har kutta ned på språkpunkt i programmet.

Tar rukene med ro

Førstekandidat Britt Dalsbotten i Frp Sogn og Fjordane trur ikkje partiet sin språkpolitikk kjem til å påverke partiets valoppslutning.

– Sidemål skal vere valfritt. Vi har ei målsetting om å forenkle Norge, to målformer er ikkje ei forenkling, seier ho.

Dalsbotten understrekar at partiet ikkje vil gjere kål på nynorsken, men at dei vil prioritere andre fag i skulen.

– Nynorsk er ein viktig del av norsk språkhistorie, men det skal ikkje vere eit eige fag og eigen karakter i norsk skule.

Kommentarer til denne saken