Følg valet med Firdaposten

Måndag føremiddag troppa redaksjonen i Firdaposten opp for å røyste ved Stortingsvalet 2017. Dag Nesbø Frøyen, Arne Hjorth Johansen, Svend Arne Vee, Liv Standal, Linda Regina Bruvik og David E. Antonsen.

Måndag føremiddag troppa redaksjonen i Firdaposten opp for å røyste ved Stortingsvalet 2017. Dag Nesbø Frøyen, Arne Hjorth Johansen, Svend Arne Vee, Liv Standal, Linda Regina Bruvik og David E. Antonsen.

Artikkelen er over 3 år gammel

Lokalavisa di gir deg resultata så fort dei er klare.

DEL

Frå klokka 21, når dei første valdagsmålingane kjem, vil Firdaposten fortløpande oppdatere resultata for Flora og Bremanger, Sogn og Fjordane og landet. 

Vi vil også presentere mandatfordelinga; altså kven som kjem inn på Stortinget.

  • Sjå resultat nederst i saka

Følg oss på nett

Papirutgåva som kjem ut tysdag går i trykken allereie klokka 16 på måndag ettermiddag, fem timar før dei første valdagsmålingane tikkar inn. Så i den vil ein naturleg nok ikkje finne informasjon om valresultata.

Men på Firdaposten.no vert mandatfordelinga og røystene automatisk oppdatert ut over kvelden og natta. Frå klokka 21 vil ein kunne sjå valdagsmålingar på nettavisa.

- Og vi er bemanna med journalistar frå klokka 06.00 tysdag morgon, slik at du som lesar skal få oppdaterte nyheiter på Firdaposten.no når du vaknar. Dette valet har vi prioritert å bruke ressursane på nettavisa, for å kunne gi lesarane våre mest mogleg relevant og fersk informasjon, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

- Spennande val

Dei politiske meiningsmålingane den siste tida har vist at det er utruleg jamnt mellom dei to hovudblokkene i norsk politikk, og mellom statsministerkandidatane Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Nokre få hundre stemmer kan avgjere kven som blir statsminister i Norge.

- Dette valet blir utruleg spennande. Ikkje minst med tanke på kommunereforma. Dette blir nok eit av dei aller viktigaste stortingsvala for enkelte kommunar. Til dømes kan valresultatet få mykje å seie for Bremanger kommune si framtid, i samband med kommunereforma, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

Det vil også ha mykje å seie for Sogn og Fjordane fylke. Med ei blå regjering går det mot samanslåing med Hordaland, med ei raud kan det skje ei reversering, ifølgje signal frå både Sp og Ap.

Sjå resultata her frå klokka 21.00: 

 

Flora: Valresultat Flora kommune

Bremanger: Valresultat Bremanger kommune

Sogn og Fjordane: Resultat Sogn og Fjordane

Landet:  Valresultat

Det nye stortinget ser du her: Det nye Stortinget

Artikkeltags