Veit du korleis utjamningsmandata blir fordelt?

Valets kval: Sperregrensa og utjamningsmandata vil avgjere valet i år, men korleis fungerer det eigentleg? FOTO: NTB/SCANPIX

Valets kval: Sperregrensa og utjamningsmandata vil avgjere valet i år, men korleis fungerer det eigentleg? FOTO: NTB/SCANPIX

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Utjamningsmandata og sperregrensa avgjer valet. Likevel er det få som forstår korleis dei blir fordelt.

DEL

Ved stortingsval har vi to typar mandat i Norge. På Stortinget er dei likestilte, men dei fordelast på ulikt vis. Dei fleste veit at distriktsmandata fordelast etter kor mange stemmer partia får i kvar valkrets. Utjamningsmandat, den andre typen av mandat man kan komme inn på Stortinget på, er meir komplisert.

Ein valkrets

Alle fylka har eit utjamningsmandat kvar. Når ein skal rekne ut kven som skal få utjamningsmandat ser ein først på korleis dei 150 distriktsmandata har blitt fordelt. Så tek ein alle stemmene og reknar ut korleis mandata ville blitt fordelt om landet var ein einaste stor valkrets. Skilnaden på kva dei ville fått om landet var ein krets, målt opp mot kva dei faktisk fekk avgjer talet på utjamningsmandat til kvart parti.

Eksempel

Lat oss ta eit eksempel. I 2013 fekk Kristeleg folkeparti fem distriktsmandat. Ut frå kor mange stemmer dei fekk, skulle dei eigentleg hatt ti. Ti minus fem er fem, og dermed fekk partiet fem utjamningsmandat.

Dermed har vi fordelt utjamningsmandata partivis. No skal vi fordele dei geografisk. Det man gjer er å finne ut kor mange «ubrukte stemmer» det er i kvar valkrets. Slik finn man ein restbrøk. For alle partia som har vunne utjamningsmandat samlast alle restbrøkane, og raserer dei etter størrelse. 

826 stemmer.

I 2013 fekk Iselin Nybø frå Venstre det første utjamningsmandatet i Rogaland. Bård Vegar Solhjell fekk det neste for SV i Akershus, medan Janne Sjelmo Nordås frå Sp fekk det tredje i Nordland. På fjerdeplass i ubrukte stemmer låg Malin Stensønes som representerte KrF i Akershus. Her hadde allereie Solhjell fått Akershus sitt utjamningsmandat, dermed vart det ikkje plass til Stensønes. KrF måtte finne sitt første utjamningsmandat i eit anna fylke. Slik held man på til alle mandata er fordelt. Dette kan gje seg nokre merkelege utslag, som i 2005 då Venstres Vera Lysklætt fekk utjamningsmandatet i Finnmark med berre 826 stemmer i ryggen.

Fire prosent

For å få utjamningsmandat må ein ha minst fire prosent av stemmene. Ved årets val er det fleire parti som ligg og vippar akkurat rundt denne sperregrensa, og så tett som valet ser ut til å bli er det dette som kjem til å avgjere valet. Det er fire parti som er i faresona. SV, Venstre, KrF og MDG. Slik meiningsmålingane har vore den siste tida ser det ut til at SV og KrF vil klare sperregrensa med grei margin. Det vil vere overraskande om dei fell under no. For Venstre og MDG ser det heilt ope ut. Om begge kjem over fire prosent vil MDG få fem utjamningsmandat, og Venstre fire, ifølge valanalytiker Svein Tore Marthinsen. Han spår da at det blir eit knapt rød-grønt fleire tal på Stortinget. Skulle MDG klare grensa, medan Venstre fell under blir det raudgrøne fleirtalet større, medan ei situasjon der Venstre klarer sperregrensa, medan MDG fell under, vil gje eit borgarleg fleirtal.

Når det gjeld kven som vil få utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane er svaret enkelt. Det er umogleg å spå, berre basert på meiningsmålingar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken