Ho tilrår at Bryggja får gå

Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår grensejustering der bygda Bryggja blir ein del av nye Stad kommune.

Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår grensejustering der bygda Bryggja blir ein del av nye Stad kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fylkesmannen melde klokka 12.00 i dag fredag at bygda Bryggja i Vågsøy kommune får gå til Stad kommune.

Det er fleirtal i bygda om å lausrive seg frå Vågsøy og bli ein del av nye Stad kommune som er ei samanslåing av Eid i aust og Selje. 

"Det er lagt vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune og at det vil vere i tråd med den klare folkevilja hjå innbyggjarane." melde fylkesmannen på sine nettsider.

Dei økonomiske ulempene ved ei grensejustering meiner fylkesmannen er innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane, og framtidig utjamning av inntekter og utgifter.

Bakgrunnen for tilrådinga er eit innbyggjarinitiativ frå Bryggja utviklingslag med underskrifter frå om lag 240 personar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og ga Fylkesmannen oppdraget.

Telemarksforsking har stått for faktautgreiinga og har også fått gjennomført innbyggjarundersøkinga. Det går mellom anna fram av rapportane deira at Bryggja har 541 innbyggjarar, noko som utgjer om lag 9 prosent av innbyggjarane i dagens Vågsøy kommune. Innbyggjarane er i undersøkinga tydelege på at dei ønskjer å blir ein del av Stad kommune. Vidare viser utgreiingane at det er små skilnader i reisetid frå Bryggja til kommunesentera i Vågsøy, Selje og Eid – og at Eid er den klart største utpendlingskommunen for folk på Bryggja.

Telemarksforsking konkluderer med at dersom Bryggja blir ein del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn.

Artikkeltags