Bølgekraftgründer frikjent i patentstrid

 Geir Arne Solheim

Geir Arne Solheim Foto:

Oslo tingrett frikjende bølgjekraftgründer Geir Arne Solhem for ulovleg utnytting av ei oppfinning.

DEL

Solheim måte forsvare seg i retten mot ei rekke alvorlege anklager frå arvingane til ein tidlegare samarbeidspartner.

– Saka har vore basert på ei rekke misforståingar der motparten mellom anna har blanda korta når det gjeld ulike sjølvstendige patent i vår patentportefølje som grunnlag for eit erstatningskrav. Det aktuelle landbaserte stridspatentet har ikkje har noko teknisk eller kommersiell verdi og har aldri vore aktuell i bransjen, forklarer Solheim.

Kjenslemessig vanskeleg

Han viser til at stridspatentet gjeld ein variant av ei eldre landbasert løysing for bølgjekraftverk som ligg tett opp mot Kværner og Siemens si løysing og dei generelle prinsippa for denne typen bølgjeenergiutnytting.

– Sjølv om vi har 100 prosent rett i saka,  så har det likevel vore ei vanskeleg kjenslemessig sak for meg å vere oppe i, for det involverer ein mann som er død-  som eg har samarbeidd tett med og som eg er glad i. For meg har det vore viktig å ta vare på hans minne, for han var mannen som inspirerte meg til å satse på bølgjekraft, fortel Solheim.

Solheim vart i følge Teknisk Ukeblad skulda for å bruke teknologien som middel for å få tildelt offentlege forskingsmidlar, noko som vart blankt avvist av retten. Arvingane kravde at selskapet Havkraft sitt første patent blei overført til familien og at faren skulle nemnast som oppfinnar i patentet. I tillegg kravde dei erstatning. Dette avviste retten som grunnlause krav.

Fullskala i 2014

Geir Arne Solheim sjøsette i 2014 eit fullskala offshore demonstrasjonsanlegg for bølgekraft bygd inn i ein gammal fiskebåt, men då basert på eit heilt anna og sjølvstendig patent. Dette demoanlegget har vore testa offshore utanfor Stadlandet og har ingen relasjon til stridspatentet. Denne aktuelle striden har i staden handla om det gamle patentet NO 327593. Dette er ein landbasert teknologi som utnyttar både den vertikale løftekrafta og den horisontale skyvekrafta i bølgjene landbasert i strandsona. Geir Arne Solheim fekk godkjent patentet i 2009.

Planlegg «smarte regionar»

Sp-Marius raskast på hydrogen-ballen 

Faren til arvingene var Bjørn Hafstad som døydde i 2005, og han var gründer bak Hafstad Sea Power System (HSPS). Oslo tingrett var ikkje samd med arvingane i at det som er patentert i Havkraft var Hafstad si bølgekraftoppfinning. Historikken er at Bjørn Hafstad jobba frå 1970-talet med løysingar for bølgekraft. Han engasjerte i si tid Solheim som assistent i prosjektet og dei jobba saman i sju år fram til Hafstad døydde. Løysinga på bølgekraftgeneratoren blei endra og Hafstad trekte sin offentleggjorte patentsøknad i 2004.

Utvikling over tid

Oslo tingrett kom fram til at Hafstad sin teknologi ikkje var mogleg å patentere då Havkraft fekk godkjent sitt patent. Men retten var samd med arvingane i at HSPS sin teknologiske idé var utgangspunktet for det som seinare blei Havkraft sin godkjente patent, grunnidear som Solheim aktivt deltok i utviklinga av.

Geir Arne Solheim og Havkraft AS blei frikjent og arvingane blei dømde til å betale Havkrafts sakskostnader med 600.000 kroner. 

Artikkeltags