Grasbrann i Vågsøy – brannmannskapet fekk kontroll

Skogbrann i Vågsøy, Tennebø.

Skogbrann i Vågsøy, Tennebø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Med bruk av helikopter og dumping av 20 vassbomber, fekk brannmannskapa til slutt kontroll på grasbrannen.

DEL

– Det brenn på Tennebø. Omfanget veit vi ikkje enno, opplyser Alarmsentralen i ein kort kommentar torsdag ettermiddag.

På Twitter opplyser politiet at det er ein gras-/skogbrann.

– Det er snakk om ein omfattande skog- eller lyngbrann. Den spreier seg frå Tennebø og både mot nord og sør.

Det seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til Firda klokka 14.40.

Han har ikkje oversikt over kor stort området som brenn er, men strekar under at det er ein stor brann.

– Mannskap jobbar no med å få oversikt over brannen. Det er mykje røyk i området, så mannskap prøvar å komme seg opp i terrenget for å få oversikt.

Etter kvart fekk dei kontroll over situasjonen.


Uroa for kraftlinje

Førebels er det ingen teikn til at brannvesenet vil få kontroll over brannen med det første.

– Det er ugunstige forhold å sløkke i. Det brenn kraftig og det er tørt og det er vind, seier Geitle.

Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg til bygningar.

Det politi og brannvesen no er uroa over er ei kraftlinje som ligg ikkje så langt unna brannen.

– Kjem brannen bort mot den, kan det bli aktuelt å ta straumen, seier han.

Til Fjordens Tidende oppmodar politiet folk som bur i området om å lukke dører og vindauge. Avisa skriv også at ein vurderer å kutte straumen til heile kommunen, fordi brannen har spreidd seg til eit område der kraftlinjer står. Meteorologisk instiutt opplyser til avisa at det bles stiv kuling i området. Det kan auke til forbigåande sterk kuling, men så vil det minke.

Måløy storsenter ligg like i nærleiken. Politiet skriv på Twitter at brannen er omfattande og sterk vind gjer det vanskeleg å få kontroll.

Til Bergens Tidende seier operasjonssentralen at det er rekvirert helikopter som skal bistå i arbeidet med å sløkke brannen.

Saka vert oppdatert.

Brann i Måløy

Brann i Måløy Foto:


Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags