Vågsøy-politikarane skal diskutere Kinn

Artikkelen er over 2 år gammel

Kommunestyret i Vågsøy har møte frå kl. 14 torsdag.

DEL

Vågsøy-politikarane skal då uttale seg om delt kommunesenter i Kinn, ein sak som også Flora bystyre diskuterte denne veka.

Saka kjem opp fordi Jacob Nødseth (SL), Rolf Domstein (H) og Nils Mylkebust (SP) tok dissens på saka i Fellesnemnda, og bad om at saka vart sendt til kommunestyra for uttale.

Fleirtalet i Fellesnemnda vil at den administrative og politiske leiinga skal ha arbeidsstad både i Måløy og i Florø. Nødseth, Domstein og Myklebust på si side meiner at ein bør sjå på ei konkret fordeling av funksjonar mellom dei to delsentra.

Skuledebatt

Kommunestyret skal også ta stilling til skulestrukturen i Vågsøy.

Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite sitt framlegg til vedtak er å legge ned Bryggja skule og Holvik skule frå og med hausten 2018, og flytte elevane til høvesvis Skavøypoll og Skram skule.

Vidare vil han utgreie alternativet om ein felles barneskule i Vågsøy, som kan stå ferdig hausten 2021.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken