Ordførar Ola Teigen og kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen orienterte fredag politikarane om brevet frå kommunalministeren og om møte med Statsforvaltaren i samband med ei eventuell deling av Kinn kommune.

Kommunedirektøren signaliserte at han ville kontakte departementet for å be om meir tid, samstundes som han jobbar med ein prosjektplan som skal leggast fram for eit ekstraordinært kommunestyremøte i starten av juni.
Teigen kalla prosessen departementet legg opp til for totalt uansvarleg: – Tidsfristane for Kinn er uforsvarlege

Og i den etterfølgande debatten var Jacob Nødseth (V) klar på at han delte meiningane til Teigen:

– Venstre kan til det fulle støtte innlegget ditt, sjølv om eg synst du var litt spak i kritikken din av staten, sa Nødseth.

– Kasta folkemeininga i søpla

Nødseth meiner at det politiske handverket som vart gjort i Vågsøy før samanslåinga, har gjort uboteleg skade på heile Kinn-prosessen. Han viste då til folkerøystinga som sa nei til samanslåing, og som kommunestyret ikkje tok omsyn til.

– Vågsøy-politikarane snubla, og kasta folket si meining i søpla. Det har øydelagt alle prosessar som har skjedd etter det. Så når vi skal ha folkerøysting om deling, så må vi lytte til fleirtalet. Vi kan ikkje nok ein gong involvere folk, og så ikkje lytte til dei, slo Nødseth fast.

Han meiner folkerøystinga bør teljast opp på kommunenivå – altså å skilje røystene frå gamle Vågsøy og Flora.

– Det er viktig å få dei tala på kommunenivå. Viss ein går for ei reversering, så aner ein ikkje kva kostnadar det blir snakk om. Dei kostnadane skal delast. Og eg er tindrande klar: viss det er i Vågsøy reverseringslysta er størst, og det er ambivalens i Flora, så skal dette ha påverknad på korleis vi deler den rekninga.

– Kvar vil leiarane jobbe?

Vidare meiner han det bør gjerast ei kartlegging på kvar dei tilsette i administrasjonen ønsker å jobbe etter ei eventuell deling:

– Ei deling handlar ikkje berre om pengar, men også om å rigge kommuneadministrasjonen i to nye organisasjonar. Så kor ønsker folk å jobbe? Vil kommunalsjefane fordele seg likt på dei to nye kommunane, slik at halvparten vil jobbe i rest-Vågsøy? Eller vil majoriteten jobbe i Flora kommune? Vi må få gjort ei slik kartlegging. Dette må vi få klarheit i.

Nødseth stilte også spørsmål ved Vågsøy si økonomiske bereevne.

– Dei største økonomiske utfordringane ligg vel i rest-Vågsøy. Og så har vel rest-Vågsøy lenge hatt rekrutteringsproblem. Dette er moment ein bør ha med seg.

Han peika også på at ein reint hypotetisk kunne risikere at staten fann at både rest-Vågsøy og Flora kommunar er for små til å stå aleine, og at Flora vil bli ein del av Sunnfjord og rest-Vågsøy blir justert inn i Stad.

– Dette bør vi ha ein beredskap på. No er det veldig spennande å vere folkevald i Kinn kommune. Men eg skulle gjerne vore den spenninga forutan, avslutta han.

Med dette innlegget erta han på seg både Sidsel Kongsvik og Fredrik Egeberg frå Senterpartiet.

– Det er irrelevant å problematisere kva som vil skje etter ei deling. Og har du ikkje tillit til at innbyggarane er i stand til å fatte eit forsvarleg vedtak?, sa varaordførar Kongsvik.

– Vågsøy finst ikkje lengre

Fredrik Egeberg var irritert på bruken av uttrykket «rest-Vågsøy».

– Det er ikkje noko som heiter rest-Vågsøy. Det har heitt Vågsøy, og eg håpar det skal heite Vågsøy igjen. Eg vil be representanten slutte å seie rest-Vågsøy, det går an å omtale kommunenamna med respekt, sa Egeberg, som har vore ein av frontfigurane i Nei til Kinn.

– Bryggja vart grensejustert ut, og då er det ikkje gamle Vågsøy som skal oppstå på ny. Det Vågsøy som mor mi kjem frå, og som bestemor mi jobba som reinhaldar i, det finst ikkje lengre. Rest-Vågsøy er ein ny kommune som skal etablerast. Det vil vere noko heilt nytt, svarte Nødseth Egeberg.

Og til varaordføraren sin kommentar om å ha tiltru til innbyggjarane sa han;

– Folk rekker ikkje å få nok kunnskap om delingsspørsmålet i dei små vekene vi får til denne skinnprosessen, ein prosess som er styrt av Senterpartiet sentralt.

Les også

Kva hjelp vil ei folkerøysting gi Kinn-politikarane?