"Ole" gjer seg gjeldande også hos oss

Vinden tok godt på Sørstrand i dag.

Vinden tok godt på Sørstrand i dag.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet i Sogn og Fjordane melder på Twitter om fleire hendingar som resultat av den sterke vinden i fylket laurdag ettermiddag.

I Bremanger har eit tre falle over vegen på fv 616 mellom Davik og Elde. Der er ein entreprenør på veg til staden. Tidlegare i dag låg også eit tre over ein køyrefeltet i vegen på Grov mellom Florø og Eikefjord, men dette vart raskt fjerna.

I Florø kom ein stor aliuminiumsport flaksande gjennom lufta og traff ein lastebil. Der er politiet på staden no.

Ved Osen bru i Bygstad i Gaular har ein kabel løsna og heng så langt nede at den tek nedi bilane som passerer. Vegtrafikksentralen er varsla og Sunnfjord Energi er på veg.

I Dale har vinden teke tak i ein plasthall. Der var eigaren bortreist, men brannvesenet bistår med sikring, melder politiet.

Tidlegare i dag melde også NRK Sogn og Fjordane at ferja mellom Lote og Anda måtte innstillast på grunn av sterk vind.

Laurdag melder Yr om nordvest til dels liten storm 22 m/s med vindkast på 25-30 m/s. Vinden skal vere minkande natt til søndag

Men det er i nord at uvêret treffer verst. I augeblikket vert det meldt at Bodø er isolert etter at Tverlandsbrua er stengd og det ikkje er omkøyringsmoglegheiter.

Artikkeltags