Fleire fjellovergangar i fjellet er anten stengde eller det er innført kolonnekøyring.
Det melder vegtrafikksentralen onsdag morgon.
Hol-Aurland og Hardangervidda er stengd.
Tyin-Årdal har vore nattestengd og skal etter planen opne klokka 08.00.
– Men det er veldig stygt vêr, så det er ikkje sikkert vegen kan opne, seier Monica Øksengård i vegtrafikksentralen til Firda.
På Hemsedalsfjellet er det no nyleg innført kolonne.
Her kan du følge dei oppdaterte trafikkmeldingane frå Statens vegvesen.