Fem måtte punge ut for høg fart og mobil i neven

FLORØ: Politiet med kontroll ved Eikefjord tysdag.

DEL

Mellom klokka 12 og 14 tysdag ettermiddag var UP på pletten ved Eikefjord på Riksveg fem.

Det resulterte i at tre bilistar fekk forenkla forelegg for fart. Den som hadde det mest travelt av bilistane, blei målt til 99 kilometer i timen, melder UP på twitter.

I tillegg blei to bilistar stogga for å snakke i handhalden mobil - noko som også blir dyre teljarsteg for brukarane.

Artikkeltags