Frå monsunregn til steikande sol

Regnhatten har vore god å ha under årets festival.

Regnhatten har vore god å ha under årets festival. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein stemningsrapport frå Utkantfestivalen.

DEL

Det er den helga i året igjen, då nesten alle med båt i Florø tar turen til den vesle holmen vest i Gulen for å høyre musikk. I alle fall kan det virke sånn. Også i år kan kong Olav-statua skode ut over fleire tusen gjestar frå toppen av haugen, og også i år kom sola som bestilt. Over 5000 gjestar var talde laurdag kveld, men då kom det stadig fleire båtar til.

Luksusliv

Sjølv om festivalen har utvida med fleire båtplassar i år, var det fullt allereie tidleg laurdag ettermiddag. For å gje plass til flest mogleg måtte dei største båtane leggje seg eit lite stykke unna i Eivindvik. Ei av skøytene som kom tidleg og derfor ligg der ennå laurdagskvelden, er "Guttormsen SR".

Ombord i den ombygde fiskeskøyta gjer dei seg klare til å sjå Dumdum Boys på scena.

– I dag har vi kosa oss ombord i båten. Her speler vi kort, høyrer på musikken frå scena og berre kosar oss. Jo fleire som er samla på dekk, jo betre blir det. No syng vi for å skape rette stemninga, seier Lovise Kleppe (20) frå Florø. Skipper på båten er faren Runar Kleppe. Heile familien er med.

– Kva er rette stemninga då?

– Sommarsleg og gøy, svarer Lovise, som er på plass på Skjerjehamn for tredje gong. Ho var der og i det legendariske året 2014, då sola varma nesten døgnet rundt. Det har den ikkje gjort i år, noko dei som ikkje har båt har fått merke. På campingområdet har der vore fleire oversvømjingar.

– Vi som bur i båt lever luksuslivet i forhald til dei som bur i telt. Det har hølja ned på nettene, seier Lovise.

– Det toler vi

Ein av dei som bur i telt er Harald Leite Olsen (24). Han vil absolutt ikkje klage på vêret.

– Vêret er bra. Det kunne vore betre, og der kunne vore meir varmtvatn i dusjane, men det toler vi. Stemninga er god og utsikta flott. Vi har det heilt supert, oppsummerer han.

Sjølv om Lovise nettopp har sett Sondre Lerche, er det Marit Larsen ho har på hjernen:

– Vi tenkte at vi berre kunne ein song, og så endte det med at vi sang med på alle. Det var så bra det.

(Held fram under bildet.)

14 personar endte i vatnet

Natt til laurdag gjekk 14 personar i vatnet då teltet på ein ombygd livbåt kantra i båthamna. Det gjekk fint med alle, men hendinga blir omtala som dramatisk. Ingen frå Florø var ombord i båten som kantra, men fleire var vitne til hendinga.

Når det gjeld smertegrensa for kor mange holmen kan huse, seier Pressesjef Linn Dyveke Wilberg at denne er på rundt 6000 personar. Festivalen heldt fram å selje billettar til båtfolket som kom til i løpet av kvelden, men vurderte situasjonen fortløpande ut frå bereidskapen og talet på vakter, ifølge Wilberg.

BILDESERIE FRÅ 2014: Sydenstemning og publikumsrekord

Legender på scena

Tidlegare i veka har legender som Bob Geldof og Beth Hart spela for telt- og båtfolket. Wilberg legg ikkje skjul på at ho er stolt av at dei har fått så store namn til å komme til den vesle holmen.

– Eg er vel inhabil når det gjeld kvaliteten på programmet, men eg kan seie at superlativane har hagla. Folk var heilt over seg etter dei to konsertane, seier ho.

– Den strålande sola har gitt kjempestemning. Det har vore ein kanonfin festival.

Eller "konge", som han på haugen ville sagt.

LES OGSÅ: Stor mann på liten holme

Artikkeltags