– Vi lanserte prosjektet i ein litt trå marknad, og var slik sett innstillte på at det kunne kome til å ta litt tid før vi hadde nok interesserte til å starte opp. No har vi 16 personar som har teikna seg, og eit par er på gang, så når vi når det magiske talet 17 set vi prosessen i sving, seier Asle Solvang på vegner av aktørane, som på sikt har planar om over 90 nye husvere i det naturskjøne, men sentrale området rett sør om Storåsen i Florø.

Det er eit første byggjesteg på 20 husvere det er snakk om, med ein samla salsverdi på rundt 50 millionar kroner når det står ferdig.

 

Oppstart i april

- Måndag set vi oss til bordet og gjer ferdig ein igangsetjingssøknad. Om alt går etter planen, set vi spaden i jorda i midten av april, fortel Solvang.

– Kven skal utføre grunnarbeida?

– Det har vi avklara, men det ønskjer vi ikkje å gå ut med akkurat no.

– Kva type kjøparar er det som har førehandsteikna seg?

– Det er ei god blanding av folk, vil eg seie. Ein fin miks av både unge og godt vaksne, svarar Solvang.

Byggherre: Asle Solvang gler seg til oppstarten.
Byggherre: Asle Solvang gler seg til oppstarten.

Det vart tidleg førespegla husvere i prisklassen mellom 2,5 til 3,5 millionar kroner. I det første byggjesteget vil det vere ein miks av ulike typar husvere til ulike prisar.

 

Godt å kome i gang

 

No ser Solvang og resten av gjengen fram til å kome i gang.

– Ja, vi har jobba mykje med dette, og det skal bli utruleg god å kome i gang. Eg har god tru på at vi skal klare å realisere fleire av byggjestega etter kvart, seier han.

Samarbeid

Kapitalen i Kinnvegen Eiendom AS på plass, gjennom eit samarbeid mellom tre selskap: 55 prosent av Kinnvegen Eiendom er eigd av Allbygg Florø Invest AS, 22 prosent er eigd av Vest Elektro AS, medan dei siste 22 prosentane er eigd av Frank Klakegg Investeringer AS.

Første byggjesteget er planlagt oppført ganske raskt, med ei byggjetid på mellom 15 og 18 månader.

Planane for eit stort leilegheitskompleks i dette området er ikkje nye. Allereie i 2013 blei slike tankar lufta; den gongen var det Frank Klakegg, gjennom engasjementet sitt i Hellvik Hus som hadde lagt planar for bygging.

Som medeigar i prosjektet, er det Vest Elektro som skal stå for alt av elektrisk anlegg i det nye bustadkomplekset. Salet går gjennom Sparebanken Sogn og Fjordane Eigedom.