Klokka 14.42 melder Vegtrafikksentralen om ei trafikkulykke på Rv 5 Florøvegen ved Svarthumlevatnet.
Det skal kun vere ein bil involvert, og denne skal ha køyrt utfor vegen.
– Bilen står no delvis i vegbanen. Førar var åleine i bilen, er vaken og medviten, melder Vest politidistrikt på Twitter..
Politi og ambulanse rykkjer no ut.
Eit køyrefelt er stengt etter ulykka, melder vegtrafikksentralen.
Oppdatering:
Det var ei kvinne i 30-åra som sat bak rattet i bilen. Ho blei teken hand om av helse. Kva som var årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent, men det er ikkje mistanke om rus.