– Dette er ein merkedag som fortener litt feiring, sa varaordførar Magne Kjerpeset (Sp) då han forsynte seg av jordbæra på matbordet i forkant av kommunestyremøtet. For i dag er Bremanger offisielt ute av ROBEK-registeret. Dette er registeret over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse og dermed blir underlagt statleg kontroll.

For Bremanger sin del var det Terra-skandalen for knapt 20 år sidan, som Firdaposten no har laga ein artikkelserie om, som førte Bremanger inn i ROBEK.

– Kunne skrive bok

Ordførar Anne Kristin Førde meiner kommunedirektør Tom Joensen kunne skrive bok om økonomisk styring av ein Terra- og ROBEK-kommune.

– Han har jo ei erfaring med dette som har gitt stor kunnskap, sjølv om dette er ein kunnskap vi i utgangspunktet helst skulle vore utan, seier ho.

– Når det først blei så gale som det blei, så har Tom handtert situasjonen veldig godt gjennom åra, legg Kjerpeset til.

– Vi er jo den einaste kommunen som framleis er Terra-kommune, så det seier litt om kva tap vi fekk den gongen, supplerer Førde.


Bremanger lånte kring 350 millionar på 2000-talet for å investere i det som viste seg å vere særs spekulative finansprodukt. Terra-bobla sprakk i 2007, det bar rett inn i ROBEK, og i 2008 blei Tom Joensen tilsett som rådmann. Ryddesjauen hans etter låneskandalen er framleis ikkje over.

– Som ein del av Terra-oppgjeret sit vi framleis på derivatavtalar med Danske Bank fram til 2036. Paradokset no er at vi rekneskapsmessig og isolert sett tener pengar på desse avtalane på grunn av renteoppgangen vi opplever. Men det er den underliggande drifta som er viktigast. Og den fortel oss at sjølv om vi no er ute av ROBEK, så må vi ha stram styring framover, seier Tom Joensen.

Mjølk og honning

Joensen presiserer at strukturen på tenestetilbodet i Bremanger gjer det krevjande å drive kommunen.

– Vi har eit høgt driftsnivå med ganske høge einheitskostnader. Derfor er vi avhengige av årlege ekstraordinære inntekter frå til dømes konsesjonskraft og havbruksfondet for å få til sunn drift. Dette er inntekter som er usikre og kan variere frå år til år, fortel han.

Til dømes fører trafikklyssystemet i havbruksnæringa til at Bremanger akkurat no ikkje får så stor relativ del i inntekter frå den næringa som dei kunne fått.

– Så det flyt ikkje mjølk og honning i kommunen, smiler Joensen.

Men sjølv om han formanar til nøktern drift, så seier han at utgangspunktet for åra framover er bra.

– Vi skal ikkje klage. Vi har ei lånegjeld på nærmare 400 millionar. Det er jo betre enn dei som har tre milliardar i lånegjeld.

Her siktar kanskje Joensen til ein kommune som ikkje ligg så langt unna Bremanger. Slikt sett kan nok både ordførar Førde, varaordførar Kjerpeset og kommunedirektøren ete kake med godt samvit i dag.

Det var kommunaldirektør Nils Erling Yndestad og Kåre Træen frå Statsforvaltaren i Vestland som kom med kake til kommunestyret i dag og markerte at det statlege oppsynet med kommunale investeringar og økonomi var over. Vittige tunger ville ha det til at stafettpinnen til ROBEK kunne dei to ta med seg ut til Florø og levere til Kinn-politikarane som også hadde kommunestyremøte i dag.

Og det kan dei jo kanskje få rett i.